Hopp til innhold

– Vil ha hurtigkø for bussreisande

Dersom du tar bussen til flyplassen kjem du raskare gjennom tryggingskontrollen. Dette kan bli ein realitet på Stavanger lufthamn Sola.

Geir Pollestad

VIDEO: Stortingsrepresentant Geir Pollestad

Leif Anker Lorentzen

Lufthamnsjef Leif Anker Lorentzen i Avinor tar forslaget om hurtigkø imot med opne armar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Alle bilane som står parkerte utanfor Stavanger lufthamn Sola er eit synleg bevis på at det er bilen som er den klare favoritten når rogalendingane skal ut å fly.

Flyplassen er den i landet der det blir nytta minst kollektivtransport. Berre 14 prosent av dei reisande nyttar seg av flybussen når dei skal til og frå flyplassen.

Eiga fil i køen

Det er dette stortingsrepresentant Geir Pollestad i Senterpartiet ønskjer å gjera noko med, når han føreslår eit løningssystem dor dei som bussar ut til flyplassen:

– Me ser føre oss ei eiga fil i køen får tryggingskontrollen. I denne fila er det dei som reiser kollektivt som skal ha første rett, seier Pollestad til NRK.

Politikaren meiner det er viktig å lokka med gulrøter for dei som reiser miljøvenleg og forslaget blir tatt godt imot av Avinor:

– Me vil sjå nærmare på eit slikt forslag. Det verkar som om det er eit godt forslag til ein flyplass der me slit med kollektivtrafikken, seier lufthamnsjef Leif Anker Lorentzen.

– Topp med hurtigkø

Dei har sett som målsetjing å få prosentandelen av kollektivreisande opp i om lag 20 prosent.

Reisande NRK snakka med på flyplassen fredag ettermiddag var positive til forslaget:

– Me som reiser ein del med fly liker dårleg å stå i kø, derfor hadde det vore heilt topp med ein hurtigkø, seier Heino Maurer.

Kø på Sola flyplass

Denne køen kan kanskje bussreisande i framtida gli rett forbi.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK