Hopp til innhold

Hotell gjekk på Facebook-smell

Victoria Hotel i Stavanger måtte i dag fjerna ein Facebook-konkurranse som viste seg å vera ulovleg. – Lista over bedrifter som framleis ikkje har lært seg Facebook sitt regelverk er lang, seier Marius Arnesen i NRKbeta.

Victoria Hotell i Stavanger

ULOVLEG KONKURRANSE: Hotellet i Stavanger lova gratis overnatting til ein av dei utvalde som trykte på liker-knappen på Facebook sida deira.

Foto: Facebook

Marius Arnesen

NRKBETA: Marius Arnesen er medieutviklar i NRK. Han meiner det er oppsiktsvekkjande at store selskap framleis ikkje har gjort seg kjende med Facebook sine annonsereglar.

Foto: NRK

– Me følgde andre sitt eksempel og trudde me kunne annonsera på denne måten, seier sals- og marknadssjef på Victoria hotel i Stavanger.

Det var i går ho oppretta det ho trudde var ein stoverein Facebook-konkurranse der folk skulle posta hotellet sine sider på veggen sin og trykka «liker» på posten.

Når folk gjer dette poppar det reklame for hotellet opp på Facebook-veggane til venar av dei som deltek i konkurransen.

Fleire syndar

– Me ante ikkje at dette ikkje var lovleg heilt til me fekk e-post av ein anonym person med tips om regelverket.

Dermed måtte konkurransen om gratis hotellopphald i Stavanger avlysast, og mange har allereie reagert i sinne og vantru på facebooksidene til bedrifta.

Ein som ikkje er overraska over dette er Marius Arnesen. Han er medieutviklar i NRK og følgjer utviklinga innan sosiale medium nøye i NRKbeta:

– Eg sit nett nå og ser på ei tilsvarande konkurranse frå Finn. Mange nyttar denne måten å marknadsføra seg sjølv på, sjølv om det ikkje er lov i forhold til Facebook sine reglar, seier han.

I februar gjorde DN ei teljing over bedrifter som synda i forhold til retningslinjene. Dei kom fram til at to av tre norske bedrifter som arrangerer slike konkurransar bryt Facebook sine reglar.

Victoria hotel legg seg flate

LEGG SEG FLATE: I denne Facebook-oppdateringa legg hotellet seg flate. Men dei vurderer å trekka ut ein vinnar likevel.

Foto: Facebook

Skal unngå spam

– Det er ganske fantastisk når store bedrifter framleis ikkje klarar å setja seg godt nok inn i spelereglane som faktisk har eksistert i ganske mange år nå, seier Arnesen.

Årsaka til at Facebook forbyr slike konkurransar er at vanlege brukarar då kan oppleva å bli spamma av reklamar. I Facebook-reglane står det at reklamering skal skje gjennom eigne applikasjonar.

– På denne måten blir det enklare for brukarane å seia om dei er interesserte eller ikkje, når reklamen blir sendt ut frå vanlege profilar blir dette vanskelegare.

For Victoria hotel sin del blei konkurransen fjerna før Facebook fekk gjort noko med det. Men med eit enkelt søk kan ein finna fleire bedrifter som framleis reklamerer ulovleg gjennom konkurransar.

Blei lagt ned

– Folk tenker kanskje at sidan me er i Norge og langt frå USA er det liten sjanse for å bli tatt, seier Arnesen.

I verste fall kan Facebook leggja ned sidene som lyser ut denne type konkurranse. Dette skjedde til dømes med bedrifta Lille Vinkel Sko i april.

Å få lagt ned ei facebookside kan vera alvorleg nok i ei tid der marknadsføringa på sosiale medium er meir omfattande enn nokon sinne.

Etter dei forklarte at dei ikkje visste dei hadde gjort noko gale, fekk Lille Vinkel Sko opna sida si att, skriv bedrifta på bloggen sin.

Flere nyheter fra Rogaland