Hopp til innhold

Drosjesjåførar kritiske til eltaxi

Innan kort tid er dei to første eltaxiane ute på vegane i Stavanger, men sjåførane lar seg ikkje begeistra. Norges Taxi Stavanger har nå kjøpt inn to splitter nye elbilar, og vil ha fleire til eltaxi satsinga si i norske byar.

Video Drosjesjåførar kritiske til el-taxi

Dagleg leiar i Norges Taxi i Stavanger, Thor Berge Jåsund, har kjøpt inn to elbilar til selskapet sitt. Her prøver han å overbevisa sjåførane om at dette er ei god satsing. (Fotot: Ole Andreas Bø/NRK)

Zero Emission

Norges Taxi har kjøpt inn to elbilar av typen Nissan Zero Emission til bruk i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det er ein sunn og heilt naturleg skepsis, seier dagleg leiar i Norges Taxi Stavanger, Thor Berge Jåsund, om taxisjåførane sine, som i dag rynka litt på nasen av dei nyinnkjøpte elbilane.

Han kjenner skepsisen att frå då dei byrja med hybrid bilar. Nå har selskapet hans seksten av desse i Stavanger, og sjåførane har latt seg overbevisa om at det er gode bilar.

– Nå er dette med eltaxi noko nytt i heile landet, då er det klart at sjåførane er kritiske til korleis elbilane vil fungera som drosje, seier han.

– Ikkje noko eg vil køyra

I dag fekk drosjesjåførane Habib Rahmony og Bjørn Arild Bregård prøvekøyra dei nyinnkjøpte bilane:

– Den går godt, nett som ein vanleg bil berre utan lyden, men som taxi vil eg ikkje ha den sjølv i alle fall, seier Bregård frå førarsetet i Nissan Zero Emission.

Drosjesjåførane ser at dei med elbil styrar mot ei grønare framtid, men meiner at ulempene med køyrelengd og lading blir for store for at dette skal bli fullverdige taxiar.

Likevel utelukkar ikkje Bregård bilen heilt.

– Som ein privatbil eller som ein reservetaxi er den jo fin, seier han.

Nissan el-bil

Dette er ein av bilane som nå er klar til å få taxidrakt. Drosjesjåførar fekk i dag prøvekøyra den nye taxien på Ålgård Auto.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Vanleg i alle byar i løpet av eit år

I oppstartsfasen trur Berge Jåsund at etterspurnaden frå kundar vil vera større enn det dei klarer levera av el-drosjeturar. Han ønskjer å utvida elgarasjen med fleire bilar framover:

– Flaskehalsen nå er kor mange bilar leverandøren klarar å levera i tillegg til utdeling av løyver, seier Berg Jåsund.

Han trur eltaxiar snart vil vera svært vanleg:

– Eltaxiane vil nok snart vera svært vanleg i storbyane som Oslo, Trondheim og Bergen. Dette er jo heilt naturleg med tanke på forureiningstiltaka det er snakk om å setja inn i desse byane, seier Berge Jåsund.

Viss han skal spå trur han at eltaxiar vil vera eit heilt vanleg innslag i norske byar i løpet av eit år.

Ikkje berre betre for miljøet

I tillegg til fordelane eltaxi vil ha for miljøet trekk drosjesjefen fram andre fordelar.

– Bilen vil gjera at arbeidsforholda til sjåførane blir slik me vil ha dei, seier han.

Grunnen til dette er at bilane, som krev opplading av batteri, eignar seg best til å vera eitskiftsbilar.

Dei bør ha turar som er mindre enn tre mil og det må vera moglegheit til å leggja inn ordinær lunsjtid.

Sjølv om skepsisen hos sjåførane nå rår, meiner han at sjåførar i Stavanger og resten av landet snart vil vera «elfrelste».

Flere nyheter fra Rogaland