Hopp til innhold

Kostnadssprekker i oljeindustrien

Yme-feltet blir meir enn dobbelt så dyrt som det skulle vera. Tal frå statsbudsjettet viser at norske oljeprosjekt under utbygging samla har ei prisoverskriding på om lag 30 milliardar kroner.

Yme-plattformen

STOR REKNING: Yme-plattforma utanfor Stavanger i mars før den blei slept ut til Yme-feltet i Nordsjøen. Olje- og energidepartementet reknar at prosjektet blir 4,8 milliardar kroner dyrare enn planlagt.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

Yme blir det første gjenopna feltet på norsk sokkel nokon sinne. Det ambisiøse prosjektet, som oljeselskapet Talisman står bak, skulle ha ein prislapp på 4,8 milliardar kroner, men nye estimat syner at prisen kjem til å bli på om lag 9,6 milliardar.

Rekna med lågare oljepris

Dette er ei prisoverskriding på meir enn 100 prosent. Likevel kjem det til å bli eit lønsamt prosjekt seier kommunikasjonssjef Andreas Middelthon i oljeselskapet Talisman.

– Det er veldig beklageleg at prosjektet har blitt så mykje dyrare. Det vil nok likevel summera seg betre enn det ser ut når ein skal sjå på prosjektet over tid.

Han seier at det har blitt rekna med lågare oljeprisar enn det faktisk kjem til å bli, og at det også er gunstig for økonomien at plattforma er eit leigeobjekt.

Det er nye røyr og brønnar på havbotnen som har stått for det meste av kostnadssprekken.

10 prosent total kostnadssprekk

Totalt er det ein kostnadssprekk på 10 prosent på norske oljeprosjekt som er under utbygging.

Det er på Yme ein finn den største sprekken i prosent, medan det er i vidareutviklinga på Valhall ein finn den dyraste overskridinga på heile 18,6 milliardar kroner, i prosent er det ein auke på 76,2.

Prosjekt som blir billigare enn planlagt gjer at den totale kostnadssprekken på prosjekt under utbygging ikkje blir på meir enn 10 prosent. Noko som utgjer 28,98 milliardar kroner.

Dei største prisoverskridingane i prosent:

Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

Prosjekt under utbygging

Godkjent

Prisestimat

Nye anslag

Endring i prosent

Yme

2007

4,76 mrd.

9,58 mrd.

100,7

Valhall videreutvikling

2007

24.40 mrd.

42.99 mrd.

76,2

Vega og Vega Sør

2007

6,63 mrd.

10,06 mrd.

51,8

Skarv

2007

34,55 mrd

38,50 mrd

11,4

(Kjelde: Statsbudsjettet 2012)