Hopp til innhold

Stavanger formannskap går mot regjeringa sin asylpolitikk

Stavanger følgjer nå Trondheim og ber regjeringa endra asylpolitikken. – Dette er eit lokalopprør som me håper vil breia om seg til andre kommunar i landet, seier Per A. Thorbjørnsen leiar i kommunalstyre for levekår i Stavanger.

Rumana Ibrahim frå Eritrea

VANSKELEG SITUASJON: Rumana Ibrahim frå Eritrea måtte tilbake på asylmottak etter å ha budd ti år i eigen leilegheit i Stavanger. Eit samla bystyre i Stavanger ber nå regjeringa om at ho og alle andre i hennar situasjon skal få skattekortet sitt tilbake.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Per A. Thorbjørnsen

LOKALOPPRØR: Per A. Thorbjørnsen i Venstre kallar det som har skjedd i Stavanger i kveld, og det som skjedde i Trondheim for ei veke sidan, eit lokalopprør. Han håper opprøret vil få ein dominoeffekt til andre kommunar i landet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I formannskapssalen torsdagskveld var alle Stavanger-politikarane samde; regjeringa sin asylpolitikk er for hard.

Dei ser derfor nå til Trondheim, og ber regjeringa om å endra praksisen som gjer at papirlause ureturnerbare innvandrarar ikkje får lov til å arbeida.

Måtte tilbake på asylmottak

Tidlegare i år stramma regjeringa inn reglane for asylsøkjarar som har fått endeleg avslag på søknad om opphald i Norge.

Dei papirlause blir fråtekne mange av rettane sine medan dei ventar på utreise.

Rumana Ibrahim frå Eritrea er ein av mange lagnader som har blitt råka av denne innskjerpingar.

Etter å ha arbeidd i ti år i Stavanger og Sandnes har ho nå flytta frå eigen leilegheit til Hero sitt asylmottak i Lagårdsveien i Stavanger. Ho har blitt fråteken både skattekort og retten til å bu i eigen bustad.

– Det er vanskeleg å sitja her, men eg håper på noko betre, sa Ibrahim i eit intervju med NRK tidlegare denne veka.

Berre i Rogaland er 2000 personar i Rumana Ibrahims situasjon. Dei kan ikkje sendast heim fordi Norge ikkje har utleveringsavtale med heimlandet.

Video Vanskeleg for papirlause

TV-INNSLAG FRÅ 6. OKTOBER 2011: Rumana Ibrahim frå Eritrea er tilbake på asylmottaket etter 10 år i Stavanger. (Foto: Ole Andreas Bø)

– Ei spire av håp

Det var Per A. Thorbjørnsen som leiar i kommunalstyre for levekår som føreslo vedtaket formannskapet i Stavanger i dag gjekk inn for. Han seier at dette nok i første omgang ikkje vil få konsekvensar, men håpet er ein dominoeffekt:

– Det me såg i Trondheim førre veke og nå ser i Stavanger er eit lokalt opprør mot ei regjering som ikkje innser at ikkje-returnerbare flyktningar vil ha ansvar for eige liv, seier Thorbjørnsen til NRK.no.

– Kva vil dette ha å seia for situasjonen til Rumana Ibrahim?

– Eg er realist og meiner ikkje at det som har skjedd så langt er tilstrekkeleg. Men me har gitt Rumana ei spire av håp. Tidlegare var ho i ein håplaus situasjon, seier venstrepolitikaren.

Ordlyden i vedtaket formannskapet Stavanger kommune i kveld gjorde er som følgjer:

«Stavanger formannskap ber regjeringen legge forholdene til rette for at ureturnerbare papirløse flyktninger kan arbeide lovlig og betale skatt inntil kjent utreisedato.»

Stavanger rådhus

RÅDHUSET I STAVANGER: Eit samla formannskap i Stavanger meiner at regjeringa sin asylpolitikk er for hard. Nå vil politikarane i eit brev be regjeringa om å mjukna opp og la papirlause flyktningar få arbeida.

Foto: Åse Karin Hansen / NRK