Hopp til innhold

Gjerningsmenn på flukt etter skyting i Sandnes

Ein 27 år gammel mann blei søndag kveld skoten og drepen i ein bustad på Lura i Sandnes i Rogaland.

Skyting på Sandnes

Politiet fekk melding om skyting på Lura i Sandnes sundag klokka 19:53.

Foto: Ronny Hjertås

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann (27) har blitt frakta til Stavanger Universitetssjukehus etter å ha blitt skoten på Lura i Sandnes. Mannen hadde skotskadar i hovudet og blei blei erklært død på sjukehus rett før midnatt.

Politiet fekk melding om skytinga like før klokka åtte og både politi og ambulanse rykka ut til den aktuelle adressa.

– Gjerningspersonane har forlate åstaden og er ikkje identifisert, utover dette har me ikkje meir info på det nåverande tidspunktet, seier operasjonsleiar i Rogaland Politidistrikt Jan Henning Andersen i går kveld.

Operasjonsleiar Kjetil Føyen seier i natt at dei trur dette var ein målretta aksjon. Politiet vil ikkje seia noko vidare, anna enn at dei har spor å gå etter.

Det vil i dag vera vitneavhøyr og vidare etterforsking.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.