Hopp til innhold

- Føler ikkje at han skuldar pressa noko

Etter ti dagar i varetektsfengsel med brev- og besøkskontroll har Trond Birkedal nå blitt lauslaten. Nå skal han vera saman med familien før han vil møta pressa.

Trond Birkedal

Trond Birkedal har gjennom sin advokat Arvid Sjødin tidlegare sagt at han gler seg til å koma ut. (Arkivbilete)

Foto: Frp

Arvid Sjødin

Forsvarar Arvid Sjødin, seier at Birkedal er glad for å vera ute.

Foto: Zbigniew Czaplicki / NRK

– Birkedal vil bruka helga saman med familien, og ønskjer ikkje å snakka med pressa endå, seier forsvarar Arvid Sjødin.

Han seier at Birkedal var glad for å koma ut, og det første han ville var å få seg eit halvt horn med ost og skinke.

Lauslaten

– Vil han møta pressa?

– Han føler ikkje at han skuldar pressa noko, for å sei det slik, men han ønskjer å fortelja sin versjon av historia, seier Sjødin.

Fredag føremiddag gav politiadvokat Karsten Monsen beskjeden om at Birkedal kunne bli lauslaten:

– Det er ikkje lenger fare for at bevis kan gå til spille i denne saka, seier han.

Held fram etterforskinga

Grunnlaget for varetektsfengslinga av den tidlegare ordførarkandidaten til Stavanger Frp, var nettopp faren for å forspilla bevis.

Birkedal er sikta for seksuell omgang med barn under 16 år, og for å ha filma nakne personar utan at dei var klar over det.

Etterforskingsarbeidet, med politiavhøyr og gjennomgang av data- og filmutstyr har nå haldt på sidan søndag 20. mars. Eit etterforskingsarbeid som nærmar seg slutten, men Monsen kan ikkje seia når dei er ferdige.

– Me er snart ferdige med avhøyra, men eg veit ikkje når saka er ferdig etterforska, seier han.