– Me såg at bygningar og lyktestolpar rista, trafikken stoppa opp og folk gjekk ut av bilane sine, seier Thomas Berntsen.
- NRK FØLGER UTVIKLINGA I JAPAN: Japan rammet av jordskjelv og tsunami
- SJÅ DIREKTE BILETE FRÅ JAPAN HER
Panisk stemning
For tida bur han saman med kjærasten sin i sentrum av Tokyo. Dei hadde vore på ein ferietur i Nagano, og det var då dei i dag tidleg (norsk tid) kom tilbake til Tokyo at dei opplevde dei ubehagelege skjelva.
– Det første skjelvet me opplevde varte i tre til fire minutt, og stemninga blei ganske panisk, fortel Berntsen.
Dei gjekk frå stoppet deira på undergrunnsbanen direkte til leilegheita etter skjelvet.
– Me skjønte fort at skjelvet hadde vore kraftige for i leiligheita vår låg det meste på golvet og noko var knust, seier han.
Søkte dekning
Skremde av tilhøva gjekk dei ut på ein stor open plass slik at nye skjelv ikkje kunne råka dei.
– Me ville ikkje vera inne i eit bygget dersom det kunne rasa, seier Berntsen.
Etter forholda seier han at folka var rolege med tanke på skjelva, men at det nå byrjar å gå opp for folk kor alvorleg dette faktisk er når ein ser på øydelegginga til tsunamien.
- Les òg:
– På fjernsynet har det vore meldingar om at dei fryktar fleire tusen omkomne, det er fleire helikopter i lufta og eit oljeraffineri skal vera i brann like utanfor byen, seier han.
Han seier at dei nå føler seg trygge, og er tilbake i bustaden sin etter omlag 20 etterskjelv som har vore. Men sjølv om det går mot kveld i Japan kjem dei til å halda seg vakne utover natta for å ha kontakt med urolege familiemedlemmar.