Hopp til innhold

Forlèt nynorsken på nynorskskule

Vikevåg skule er ein nynorskskule, men likevel vil fleire og fleire av foreldra at borna deira skal ha bokmål som hovudmål.

Video Mindre nynorsk i skulen

På Vikevåg skule i Rennesøy opplever dei at færre og færre vel nynorsk (Foto: Helge Hundeide)

– Slik det nå ser ut vil første klasse neste år bestå av ein større bokmålsklasse enn nynorskklasse, seier rektor på Vikevåg skule Kirsten Elin Bergsvik.

Dette liker ho lite, og ho har allererie skrive brev til foreldra om at dei kan byta over til nynorskklassen.

– Tilflytting

Skulen er nemleg i utgangspunktet ein nynorskskule, men det er valfritt for foreldra kva målform ungane deira skal ha. Bergsvik trur at mykje tilflytting til Rennesøy gjer at fleire over halvparten nå vil ha bokmål:

– Det har nok med dei som flytter inn å gjera, i tillegg til at fleir kanskje tenker at det er lettare sidan mykje litteratur og medier er på bokmål, seier ho.

Også leiaren for Norges målungdom på Nord-Jæren Torstein Husebø, seier at utviklinga ikkje er ønskjeleg, men dei er ikkje for tvang:

– Det blir eit personleg val for ei gruppe, sjølv om me ikkje liker utviklinga, seier han.

– Fordel med nynorsk

Gro Merete Ringsø har ei jente som skal byrja på skulen til hausten, og har vald bokmål. Ho er glad at dei kan velja på skulen trass i at det er ein nynorskskule.

Av foreldra som vil at barna deira skal ha nynorsk som hovudmål er Turi Olene Dalaker, ho seier sjølv at ho har hatt ein fordel av dette:

– Det har vore lett å læra seg bokmål seinare i livet, derfor tenker me at det er ein fordel å ha nynorsk når ein byrjar på skulen, seier ho.