Hopp til innhold

Kjørte bilen inn i eit bustadhus

To vaksne og eitt barn måtte på legevakta, etter at ein personbil kom brasande gjennom veggen, natt til 2. juledag.

Personbil krasja inn i bolighus i Sandnes
Foto: Ronny Hjertås

Klokka halv fire, natt til 2. juledag, fekk dei som budde i eit hus i Strandgata i Sandnes, ei sjokkarta vekking. Då blei heile fasaden i første etasje på huset, knust av ein personbil.

Bilen knuste fasaden på huset i Sandnes

Bilen knuste hele fasaden på huset i Sandnes

Foto: Ronny Hjertås

Det var ein familie på to vaksne og eitt lite barn, som låg og sov i huset. Mora i familien skal ha sove i første etasje. Ho skal ha pådratt seg ein nakkeskade, i tillegg til eit kutt under eine auga, då bilen kom inn gjennom veggen. Alle dei tre blei kjørte til legevakta, men faren og barnet, på 11 månader, hadde ikkje fått fysiske skader.

Politijakt

sandnes

Bilføraren blei først oppdaga i Julie Eges gate i sentrum av Sandnes, litt tidlegare på natta,. Då kjørte han mot eit innkjørings forbudt-skilt og nekta å stoppa då poltiiet sin patruljebil la seg på hjul.

- Bilen forsvant då nordover langs Strandgata, fortel operasjonsleiar Karstein Tendenes ved Rogaland Politidistrikt.

Politiet såg ikkje meir til bilen før den altså hadde kjørt inn i huset.

- Gata er heilt rett i dette området, så det var nok farten som var hovedårsaka til at det gjekk som det gjekk, seier Tendenes

Kjørt på sjukehus

Den 29 år gamle mannen, som kjørte bilen, blei skadd i samanstøyten. Han blei lagt inn på Universitetssjukehuset i Stavanger til observasjon. Nå i morgontimane er han overført til arresten i Sandnes. Politiet har mistanke om kjøring i alkoholpåverka tilstand og har fått tatt blodprøve av sjåføren.