– Overgrep på fleire unge jenter kunne kanskje vore unngått

Bistandsadvokat Kjersti Jæger, som representerte mange av jentene som blei utsette for overgrep, seier at overgrep kanskje kunne vore unngått.
NRKEitt år før overgriparen blei arrestert fekk politiet ein e-post med personopplysningar om 23-åringen som forgreip seg på 38 jenter. Politiet vedkjenner at dei skulle sett nærmare på opplysningane.
Publisert 09.09.2010 18:44.
- Skriv ut
I sommar tilsto ein Stavanger-mann på 23 år, 57 seksuelle overgrep på 38 jenter i alderen 12 år og oppover. Nå viser det seg at politiet og uteseksjonen kanskje ikkje har kommunisert godt nok.
Politiet tok mannen første gong februar 2009, då var tre jenter under 14 år innblanda. Han tilstod at han hadde misbrukt dei tre jentene, men blei likevel lauslaten.
Mannen hadde då ei sak mot seg, men politiet har vurdert at det ikkje var fare for gjentaking.
Så dukkar det opp fleire tilfeller, og i desember 2009 blei han nok ein gong teken av politiet, denne gongen sikta for ei rekkje overgrep.
Kjende til mannen
Fleire jenter gjekk til kommunen sin uteseksjon og fortalde om mannen.
Kommunen sendte ein e-post til politiet med fleire opplysningar om 23-åringen allereie vinteren 2008. Mange av desse opplysningane skal ifølgje det NRK erfarer ha vore viktige for overgrepssaka.
– Viss politiet sat på informasjon om mannen, og aktivitetar som han dreiv med bør politiet gå inn i seg sjølv, for då er det snakk om ein alvorleg systemsvikt, seier bistandsadvokat Kjersti Jæger.

- Stavanger kommunen vil betra rutinane sine for å vidareformidla viktig informasjon, seier Svein Helland Sivertsen.
Foto: Arild Eskeland/NRKTar sjølvkritikk
Politiet innrømmer at dei kunne ha gjort meir med e-posten dei mottok.
– Fokuset vårt er ikkje på barnevernet, uteseksjonen eller politiet, men på barnets beste. Sett i dette lyset kan det henda at det var ting me skulle gått vidare med når me fekk denne e-posten, seier politistasjonssjef i Stavanger, Henry Ove Berg.
Politiet skal saman med kommunen ha eit møte der dei går gjennom korleis dei handsama saka. Stavanger kommune vil nå prøva å betra rutinane sine:
– Me må bli flinkare til å sikra at slik informasjonen blir koordinert og samla, og å at opplysningar blir vidareformidla til dei som skal ha dei, seier Svein Helland Sivertsen som er rådgjevar i Stavanger kommune.
Mager trøst
Mange har sete på litt informasjon i denne saka, men ingen har handla raskt nok.
Sjølv om både politi og kommune tar sjølvkritikk, er dette ei mager trøst for jentene meiner bistandsadvokat Jæger:
– Dette er jenter som kanskje heilt unødig har blitt utsett for overgrep som kunne vore unngått, seier ho.
Les
Siste: NRK Rogaland
Solum Larsen kan bli avhørt i dag - Klemt under bilen
- Kritisk til medienes oppførsel
- Sandnes Ulf er i storform
- - Partiene griper inn for seint
- Åpner for retur for Solum Larsen
- Lånte ut millioner uten betingelser
- Aktor ber om fengsel for Birkedal
- – Ja, det har vore mykje sjikane
- Torturstraffen opprettholdes










