Sjeldne slanger og øgler blir kanskje avliva

Slangen dumeriliboa er på CITES si lista over svært uttryddingstruga dyreartar.
Foto: Lasse Andre Malmin/FalckDet er nå klart at fleire av reptila som vart funne i ein leilegheit i Rogaland i går er svært utryddingstruga. Nå må dei kanskje bli avliva.
Publisert 09.09.2010 16:34.
- Skriv ut
– Viss ikkje dyra kan bli omplasserte til dyrepark blir dei avliva, seier Marie Nøkling som er seniorinspektør i Mattilsynet sitt distriktskontor for Midt-Rogaland.
I går fann Mattilsynet fire slangar og to øgler i ein leilegheit på Sola, og nå har dei stadfesta kvaslags reptila det er snakk om. Tre dumeriliboa, ein sand boa og to tornhaleagamer.
Slangen dumeriliboa er lista som ein svært truga slangeart, som berre lever på Madagaskar. Det er CITES som står bak denne lista.
– Dei andre artane er også sjeldne opplyser nøkkling.
Omplassering til dyrepark
Mattilsynet har nå kontakta Direktoratet for naturforvalting for å finna ut om dyra kan bli omplasserte til dyreparkar.
Viss dette ikkje lar seg gjera må dei sjeldne dyra bli avliva.

100 000 ulovlege reptil i Norge
Å finna slike skapningar i heimane til folk er slett ikkje uvanleg, kan Mattilsynet opplysa om.
– Me reknar med at det finnes omlag 100 000 ulovlege reptil i Norge, seier seniorinspektøren til nrk.no.
Mannen på 30 år som var eigaren av desse reptila er nå meldt til politiet.

Les
Siste: NRK Rogaland
Solum Larsen kan bli avhørt i dag - Klemt under bilen
- Kritisk til medienes oppførsel
- Sandnes Ulf er i storform
- - Partiene griper inn for seint
- Åpner for retur for Solum Larsen
- Lånte ut millioner uten betingelser
- Aktor ber om fengsel for Birkedal
- – Ja, det har vore mykje sjikane
- Torturstraffen opprettholdes










