Hopp til innhold

Gamle Stavanger blir sandvolley-pissoar

Det er duka for volleyballturnering i Stavanger. Naboar fryktar at hagane deira skal fungera som pissoar for fleire tusen tilskodarar.

Inge Anda

Leiar i Straen velforeining, Inge Anda, er lei av at bydelen hans blir eit pissoar under volleyballturneringa i Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Leiaren i velforeininga Straen har varsla både politiet og kommunen. Inge Anda meiner nemleg at arrangørane av volleyballturneringa, Grand Slam , i Stavanger har alt for liten toalettkapasitet.

– På gode kampar kan det vera omlag 4500 - 6000 mann, og når desse skal på do ender det ofte opp med at fleire bruker smau, hagar og trapper, seier Anda.

Han legg til at desse sjeldan er sjenerte.

– Har nok kapasitet

Robert Bjørklund er teknisk leiar for arrangementet i Stavanger, og han meiner at toalettkapasiteten er stor nok.

– I fjor var det VM og mykje meir folk enn det vil koma i år, likevel har me like mange toalett som i fjor, seier han.

(Artikkelen held fram under bilete)

Robert Bjørklund

Teknisk leiar Robert Bjørklund, meiner at dei har nok toalett.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Eit alt for fint pissoar

– Kan du garantera at Gamle Stavanger ikkje vil fungera som pissoar for publikum?

– Eg kan ikkje garantera noko, for når ein del folk har fått seg litt øl, kan det henda at dei fell for freistinga det er å ta den kortaste vegen.

Han seier at dei som arrangørar skal gjera det dei kan for å unngå dette, sidan Gamle Stavanger er alt for fint til å vera pissoar.

– Me skal ha tilstrekkeleg med toalett, og at det også det som er kravet til slike arrangement.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Tek det ikkje på alvor

Inge Anda har vore i møte med arrangørane av Grand Slam Stavanger, men han har ikkje fått vita kor mange toalett dei skal stilla med.

Han meiner at dei ikkje tek dette problemet på alvor.

– I fjor stod folk i kø for å gå inn i eitt av smaua for å tissa, slik vil me ikkje ha det, seier Anda.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.