11.02.2012

Frivillig arbeid ut på anbod

Kyllingburger (Foto: Opplysningskontoret for egg og hvitt kjøtt)

EØS-regler skaper trøbbel for Internasjonalt Hus i Stavanger.

Drifta av Internasjonalt hus i Stavanger kan bli lagt ut på anbod. Internasjonalt Hus er oppretta for å drive kulturelt arbeid blant folk med innvandrararbakgrunn i Stavangerregionen.

Dagleg leiar Petter Gilsvik reagerer på at integreringsarbeid kan konkurranseutsettast.

 

- Dersom vi skal sette friviljug arbeid ut på anbod, korleis skal vi då få til at friviljuge vil gjera ein innsats?

Kommunen ser på saka

Men det spørsmålet stiller ikkje administrasjonen i Stavanger seg. Dei må forhalde seg til EØS-lovgjevinga og den seier at alle oppgåver verdt meir enn ein halv million kroner, i utgangspunktet skal konkurranseutsetjast. Det kan også inkludere friviljug arbeid, som blir gjort etter oppdrag frå kommunen.

- Vi er igang med ei vurdering om desse avtalene må konkurranseutsetjast. Der seier regelverket at ein må ha konkurranse på alle oppgåver, men overfor ideelle organisasjoner kan vi tilpasse sjølve prosessen, seier økonomidirektør Kristine Hernes.

- Heilt meiningslaust

For å finne ut av dette spørsmålet utsette formannskapet sist torsdag, behandlinga om korleis Internasjonalt Hus skal organiserast. Arbeiderpartiet sin gruppeleiar Odd Kristian Reme, var med på den utsetjinga.

- Når rådmannen hevder at alt må konkurranseutsettast, ja så må vi få det utreda. Vi kjem sjølvsagt ikkje til å landa på å sei ja til ein slik konkurranseutsetting som dette. Det ville vere heilt meningslaust.

Nå skal rådmannens stab jobba med denne saka og leggje den fram for politikarane seinare på året. Då får dagleg leiar i Internasjonalt hus greie på om han må byrja å planlegge anbud for å få lov til å fortsetja i jobben med kulturarbeid blant innvandrargruppene i distriktet.

Internasjonalt hus i Stavanger (Foto: Ingvald Nordmark/NRK)

Internasjonalt Hus arrangerer matkurs for innvandrere.

Foto: Ingvald Nordmark/NRK

- Hvis ein skal konkurrera om dette kvar annan eller tredje år, så blir det vanskeleg å drive, seier Gilsvik.

Siste: NRK Rogaland