Endeleg - salutt igjen!

Det er fem år sidan kanonene fyrte av salutt i Stavanger 17. mai. Då var dei blitt for gamle og for farlege og blei avskilta. Nå er tre nye kanoner på plass på Ulsnes.
Publisert 16.05.2007 18:19. Oppdatert 16.05.2007 18:20.
- Skriv ut
Onsdag prøveskaut heimevernet dei tre nye kanonene av haubitser-typen. Dei er produserte i England og har kome til Stavanger via Bergen.
Klokka 12 den 17. mai, kjem dei til å bli fyrt av i tur og orden og fleire gonger.

Dette året er det ein kombinasjon av heimevernsfolk og personell frå forsvaret som står for avfyringa. Neste år skal salutten ordnast av friviljuge mannskap.
Slutt på tidlegvekking
Tidlegare har Stavangerfolk vakna opp klokka sju om morgonen til salutten frå Ulsnes. Men nå kan folk sove lengre i fred og ro. Først midt på dagen, klokka 12, kjem det til å drønne over byen.
På Akershus festning i Oslo blir salutten avfyrt klokka 12 og nå blir same tidspunkt brukt også i Stavanger.
Lyd og video
Siste: NRK Rogaland
Solum Larsen kan bli avhørt i dag - Klemt under bilen
- Kritisk til medienes oppførsel
- Sandnes Ulf er i storform
- - Partiene griper inn for seint
- Åpner for retur for Solum Larsen
- Lånte ut millioner uten betingelser
- Aktor ber om fengsel for Birkedal
- – Ja, det har vore mykje sjikane
- Torturstraffen opprettholdes










