Hopp til innhold

Politiet ber flyselskap om å skjerpa rutinane sine

Politiet i Rogaland har sendt ut åtvaringar til fleire flyselskap etter passasjerar har sloppe unna grensekontrollen på Stavanger lufthamn Sola.

SAS-fly lander på Stavanger lufthavn Sola

STAVANGER LUFTHAMN SOLA: SAS, Widerøe, Norwegian og Eastern Airways har alle fått åtvaringar frå politiet i Rogaland.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Leif Ole Topnes

Leif Ole Topnes er leiar for felles forvaltingseining ved Rogaland politidistrikt.

Foto: Camilla Hatleskog / NRK

Ifølgje politiet har det skjedd fleire gonger at passasjerar har sloppe unna grensekontrollen ved Stavanger lufthamn Sola.

Årsaka skal vera at flyselskapa ikkje har passa godt nok på å syna passasjerane vegen til grensekontrollen.

– Straffbart å ikkje ha rutinane på plass

– Det finst fleire høve der dører ikkje har vore låste, og utanlandspassasjerar dermed har kome direkte inn i Norge, utan å gjennomgå den obligatoriske grensekontrollen, seier Leif Ole Topnes, som er leiar for felles forvaltingseining ved Rogaland politidistrikt.

Han seier at personar dermed kan ha kome ulovleg inn i Norge, noko politiet ser svært alvorleg på.

Dei har nå sendt ut åtvaringar til flyselskapa SAS, Widerøe, Norwegian og Eastern Airways, som har latt dette skje.

– Dette skal ikkje gjenta seg, det er straffbart for flyselskapa å ikkje ha rutinane på plass, seier Topnes.

Vil sjå på infrastrukturen

Stasjonssjef for SAS ved Stavanger lufthavn Sola, Rita Stamsø, seier at dei ser alvorleg på saka.

– Me har allereie sett i gang med tiltak, men jobbar saman med Avinor med dei langsiktige løysningane.

Dette sidan det er Avinor som har ansvaret for infrastrukturen på flyplassen, og denne er ifølgje SAS ein del av problemet.

– Infrastrukturen blei i si tid laga for at passasjerane skulle koma enkelt inn og ut til fly, men det kan henda at tida er overmoden for å sjå på alternative løysingar for at omfanget i dag er for stort og komplisert. Då kan det bli lettare og gjera feil, seier Leif Anker Lorentzen som er lufthamnsjef ved Stavanger lufthamn Sola.