Hopp til innhold

Sjekk ut Norges største orgel

Her testar organisten ut det største orgelet som nokon sinne er laga i Norge. Og kva passar då betre enn «Toccata og Fugue» av Johann Sebastian Bach?

Her testar organist Nils Henrik Asheim ut det største orgelet som nokon sinne er laga i Norge.

►SJÅ VIDEO: Her spelar Nils Henrik Asheim Bach på det nye orgelet i Stavanger konserthus. Orgelet skal ikkje opnast offisielt før i februar 2013.

Norges største orgel

Orgelet har 4.654 piper.

Foto: Erik Waage / NRK
Norges største orgel

Orgelpipene dekkjer store delar av den eine veggen i Fartein Valen-salen i det nye konserthuset i Stavanger.

Foto: Erik Waage / NRK

Norges sitt største orgel er i Stavanger sitt nye konserthus, men blir ikkje opna offisielt før i februar med eigen festival.

I dag var orgelbyggaren på besøk for å leggja siste hand på verket, og NRK fekk ein førpremiere med organist Nils Henrik Asheim.

4654 piper

– Eg trur me må sei oss nøgde med dette orgelet. Sjølv om det kanskje ikkje alltid innfrir HMS-krav når ein skal klatra på innsida, kan ein ikkje seia anna enn at det er fantastisk på utsida, seier Asheim.

Orgelet han spelar på er det største orgelet som nokosinne har blitt laga i Norge med heile 4654 piper.

Dei er det orgelbyggar Jan Ryde som har finstemt. Han fortel at orgelet har blitt bygd i rekordfart.

– På grunn av tidspress har me montert dette orgelet, samstundes som huset blei bygd, seier Ryde.

Men det har ikkje gått ut over kvalitet, og orgelbyggaren lover store opplevingar under opningsfestivalen i februar.

Bach

– Det er uvanleg å ha eit rom som klinger så fint som Fartein Valen-salen, seier han om rommet orgelet står i.

I videoen i ingressen kan du sjå organisten spela «Toccata og Fugue» av Johann Sebastian Bach, etter oppfordring frå NRK.

– Den tenker eg sat, seier Asheim nøgd når han er ferdig. Han gler seg til opninga i februar.