Historia bak julesongane

« ... og engler sang så søtt»
ColorboxKvart år blir dei tekne fram og sunge om og om igjen. Men veit me kor julesongane kjem frå? Kva er det dei fortel om og korleis blei dei til?
- Skriv ut

Burde John Lennon og Yoko Ono vore i salmebøkene med songen sin «Happy Xmas (war is over)»? NRK sine ekspertar på julesongar meiner i alle fall at fredssongen spelar på akkordar frå julebodskapen, som kanskje har blitt litt vekke i kyrkja og kristendommen.
APOgså i år fortel NRK.no om historia bak dei mest kjente julesongane, som blir sunge og spelt om og om att kvar einaste jul.
- Les om songane og høyr radioutklippa nedover i artikkelen!
Det er Sølvi Vinnes som har skrive hovudoppgåve om julesongar, og mannen hennar Fartein Valen-Sendstad som er teolog, forfattar og forskar, som har teke føre seg fleire av våre kjente og kjære julesongar.
Fred og jul
I år har det kome sju nye songar inn i samlinga av radioklipp. Ein av desse er skriven av John Lennon og Yoko Ono, og er så fersk som frå 1972.
«Happy Xmas (war is over)» er eigentleg ein protestsong mot krigen som då pågjekk i Vietnam. Likevel meiner ekspartane våre at det kunne vore ein tanke å få den inn i salmeboka.
– Sjølv om denne songen kan framstå som litt flau sett frå ein teologs synspunkt, har den likevel akkordar som kanskje har blitt litt vekke i kyrkja og i kristendommen, seier Valen-Sendstad.
– Bodskapen i songen er jo «la oss slutta å slåst», og finst det noko meir treffande i forhold til fredsbodskapen, julenatta? spør han retorisk.
Vinnes er samd:
– Englane song om fred. Eg trur likevel ikkje at denne songen kjem med i salmeboka, men kanskje den burde vore der, seier ho spøkjefullt.
«En krybbe er vuggen»
Ein song som allereie er å finna i den norske salmeboka er Eyvind Skeie sin «En krybbe er vuggen».
Den norske teksten til Skeie er attdikting av den opphavlege songen «Away in a Manger» som først blei publisert i USA i 1885.
Tekstforfattaren bak dei engelske orda er ukjend, men det er komponisten William Kirkpatrick som har sett den velkjende melodien til julesongen:
– Det er veldig interessant å samanlikna den norske og den engelske versjonen av songen. Den norske er meir høgtideleg medan me i den engelske nærmast sit i stallen og kjenner på luktene av dyra, seier Valen-Sendstad.

Sissel Kyrkjebø i pauseinnslag til MGP i 1986. Året etter gjorde ho julesongen «Den store stjerna» kjent.
NRKDøde då songen blei kjent
Historia bak «Den store stjerna» er på mange måtar ei trist historie:
Songen blei skriven av Trygve Hoff og Svein Gundersen til Sissel Kyrkjebø si juleplate i 1987.
Orda til Hoff framført av Kyrkjebø blei ein stor suksess i heile landet, og salet av plater gjekk til himmels.
– Same dag det blei kjent at julesongen var ein stor suksess døde Trygve Hoff av eit hjarteinfarkt. Ei trist historie, men det er ein flott mann som nå blir hugsa gjennom songen, seier Valen-Sendstad.
«Negro Spirituals»
Fleire av julesongane me har i dag er såkalla «Negro spirituals», eller folkemusikk skapt av dei svarte i USA.
Ein av desse er songen «Go Tell It On The Mountain» med ukjend tekstforfattar, som stammar tilbake frå 1800-talet.
Teksten har eit bibelsk innhald, men ein identifiserer seg med hyrdane, noko som tydeliggjer at songen kjem nedanfrå:
«The shepherds feared and trembled, When lo! above the earth, Rang out the angels chorus That hailed our Savior's birth.»
- Sjå nedst i artikkelen for resten av songane som er nye for året!
Skriven av bondedotter

Mange familiar går rundt treet og syng julesongar på julaftan. Men kor kjem songane frå?
ColourboxJulaftan 1858 skreiv ei ung bondedotter på Hedmarken med namn Marie Wexelsen ned ein song som ho kalla «Barnas Julesong».
Seinare har songen blitt meir kjent som «Jeg er så glad hver julekveld», og er mange barns favorittsong den dag i dag.
Prøysen blei utfordra
At det er ei kvinne som står bak ein av dei tradisjonelle julesongane er slett ikkje vanleg, for stort sett er dei skrivne av menn som var teologar.
Ein av desse er «Deilig er jorden», den blei skriven av den danske salmediktaren Bernhard Severin Ingemann. Dette er ein song som eigentleg handlar om ei pilegrimsreise.
«Julekveldsvisa» er ein av dei nyare julesongane som er med i serien. Den blei skriven av Alf Prøysen i 1951, etter å ha blitt utfordra av «Magasinet for alle» om å skriva ein julesong. Oppdraget var at han skulle «bringe jula ned frå himmelen til ei grå stue». Noko vår ekspert meiner at han absolutt har klart.

Alf Prøysen fekk oppdrag om å bringa jula ned frå himmelen til ei grå stue. Resultatet blei Julekveldsvisa.
Foto: Aktuell / Scanpix/SCANPIXHovudoppgåve om julesongar
Dei tre siste åra har radiolyttarane i Rogaland fått høyra om julesalmar og julesongar i adventstida. Her får du alle radioutklippa servert på eit fat.
Det er Sølvi Vinnes som har skrive hovudoppgåve om julesongar og mannen hennar Fartein Valen-Sendstad som er teolog, forfattar og forskar, som har teke føre seg fleire av våre kjente og kjære julesongar.
Sjølv om dei har svært mykje kunnskap om julesongar kan dei ikkje svara på kor tid «Et barn er født i Betlehem» blei skriven. Det er det heller ingen andre som kan.

Jula kan bringa fram poeten i alle og ein kvar. Kvar jul blir det skrive mange tusen julehelsingar.
Foto: Hilde Zahl/NRK– Songen har vandra frå munn til munn og høyrt til eit felles kyrkjeleg fellesgods. Den blei brukt til å synga ute ved krybbene som dei hadde utanfor kyrkjene i mellomalderen, seier Vinnes.
På den tida dramatiserte dei juleevangeliet.
Stavanger-julesong
Klassekameraten til den kjende forfattaren Alexander Kielland står bak julesongen frå Stavanger «Nå vandrer fra hver verdens krok».
Jonas Anton Dahl frå gamle Stavanger laga songen i 1895. Denne songen handlar også om pilegrimar desse vil nå fram til julas fred.
Høyr om den litt meir ukjende julesongen her:
Julesong skriven om sommaren
«Det lyser i stille grender» er nok ein song som er skriven på oppdrag. Det var Jacob Sandne som i 1931 fekk i oppdrag å skriva eit julehefte som skulle heita «Jul i Sunnfjord».
Det kanskje ikkje alle veit om denne kjende og kjære julesongen er at den mest truleg er skriven ein varm sommardag i 1931.
– Songen gjer deg ein varm flekk i augekroken og du kjenner det i magen, seier Fartein Valen-Sendstad, som seier at songen tar han med til barndomen.

Julenissar er også viktige for å få fram julestemninga hos mange.
Foto: Finn Busk, FlisaSmå armar?
«Her kommer dine arme små» er ein gamal song som er skriven i 1732 av den danske salmediktaren Hans Adolf Brorson.
– Mange har nok late seg forvirra av songteksten og tenkt på små armar, men det er altså dei fattige som skal koma til Jesus, seier Fartein Valen-Sendstad.
Teksten har seinare blitt redigert for å retta opp i denne misforståinga.
Ei mus gav julesong
Julesongen som har den mest spesielle historia er kanskje «Glade jul»:
– Det var ei mus som hadde bite i stykkjar orgelbelgen slik at organisten ikkje hadde eit instrument til å spela på under julegudstenesta. Dermed dikta organisten i Austerrike i byrjinga av 1800-talet songen for å berga gudstenesta, seier Sølvi Vinnes.
Ho legg likevel til at det ikkje er visst kor sann denne historia eigentleg er.
– Krybbemeditasjon
«Mitt hjerte alltid vanker» er nok ei skandinavisk julesalme som er skriven av den danske biskopen og salmediktaren Hans Adolph Brorson.
Den kom ut saman med fleire andre julesongar som han gav ut samstundes i eit hefte.
– Eg ser på songen som krybbemeditasjon, seier Sølvi Vinnes.
«Julerose»
Opphavet til julesongen «Det hev ei rose sprunge» er ukjend:
– Det blir likevel sagt at det var ein munk i Sør-Tyskland som ei julaftan såg ein kvit blom som han plukka og kalla for ei julerose. Ei historie som inspirerte ein annan til å skriva det som blei «Det hev ei rose sprunge», fortel Sølvi Vinnes.

Julesong på 17. mai
I 1992 blei «En stjerne skinner i natt» skriven, likevel har den nærmast blitt ein klassikar.
Det var Eyvind Skeie som fekk i oppdrag å laga teksten som blei på 17. mai. Og at den er skriven på nasjonaldagen er noko ein kan merka seier eksperten vår på julesongar Vinnes:
–Ein finn eit vandringsmotiv i songen, noko som kan minna om 17. maitoget.
Den norske julesongen er oversett til fleire andre språk.
«Deilig er den himmelblå» er ei juleforteljing frå A til Å.
Det var Nikolai Frederik Severin Grundtvig som skreiv songen, og det skjedde midt mellom to psykosar han hadde.
Juletretradisjonen
Frå mellomalderen har me songen «Jeg synger julekvad» som skal ha blitt skriven av den tyske dominikanarmunken Henrik Suso
– Det er ein song full av undring og ei lengting etter trøyst, seier Sølvi Vinnes.
«O jul med din glede» er den andre kvinneskrivne songen i serien, den er skriven av Gustava Kielland på 1800-talet.
Dette er ein song som er svært populær hjå barn mykje på grunn av at ein får svinga seg i aktivitet.
– Mange meiner at det var ho som innførte tradisjonen med juletreet til Norge, fortel Fartein Valen-Sendstad.

Kanskje var det songen «O jul med din glede» som gjorde at me fekk juletretradisjonen i Norge.
Foto: Scanpix/SCANPIX«O helga natt» blei skriven av ein vinseljar i Paris i 1847. Sjølv var han ikkje tilknytt kyrkja, men blei spurt om han kunne laga ein julesong.
Songen er svært operaprega og pompøs, men blei godt motteken av presten som ville ha den.
Vekk frå julebord
«Å kom nå med lovsang» blei nok opphavleg skriven på latin for så å bli omsett til engelsk på 1750-talet og seinare norsk.
Den norske versjonen er også kjent, men songen er ikkje lenger heilt lik den opphavlege:
– Salmane blir meir gjendikta enn dei blir omsette, seier Sølvi Vinnes.
Bjørn Eidsvåg har laga ein julesong om den meir nakne bodskapen i jula.
– Han bruker ord som «ung og tapper mor», han pyntar ikkje på noko, seier Vinnes.
«I en natt» skal ha blitt skriven i Kristiansand under ein turné der han var omgitt av skrikande og skrålande julebordsfolk.
«Det kimer nu til julefest» er nok ein songtekst av Grundtvig frå 1800-talet.
– Gruntvig er ein ruvande dansk salmefornyar som totalt skreiv 1 500 dikt og salmar, seier Vinnes.
Denne songen er svært bibelsk med to stikkord som er David og lauvsalsfesten.

Englar er eit sentralt tema i fleire julesongar.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold/Scanpix«Himmel i min famn» blei skriven i 1999 med melodi av Carola og Erik Hillestad som har skrive teksten.
– I songen opplever me liv, fødsel død og smerte, seier Fartein Valen-Sendstad.
Kona hans legg til at dei meir moderne julesongane har eit anna ordval enn dei gamle tradisjonelle.
– I denne songen er det ikkje så mykje lys og stjerner, det er meir ein voggesong som stiller spørsmål framfor å gje svar, seier Vinnes.
Song om julebukk
«Nå tennes tusen julelys» kjem frå Sverige og er skriven av Emmy Köhler i 1898.
Köhler har laga mange barnesongar, og denne songen er også veldig tilpassa born ifølgje ekspartane våre:
– Det er ein enkel tekst i den forstand at du ikkje treng å grubla mykje før du har bodskapen i teksten, seier Valen-Sendstad.
«Mary's Boy Child» er ein engelsk julesong, men som det også finst ein norsk versjon av.
Songen blei skriven i 1956 av Jester Hairson. Besteforeldra hans var slavar, og songen har preg frå songsjangeren Negro Spirituals.
«O Little Town of Betlehem» er ein song skriven etter den amerikanske soknepresten besøkte Betlehem i 1865.
– Han var der på julaftan og lot seg fasinera av det yrande folkelivet i Betlehem, rituala og luktene, seier Valen-Sendstad.
Til slutt tar me med ein til song av Alf Prøysen sin song om julebukk, nemleg «Romjulsdrøm».
Dette er like mykje ein song om å vera liten i romjulstida, som det er ein song med eit tradisjonelt julebodskap, seier Vinnes.










