Hopp til innhold

- Stress verre enn hard trening

-Stress er verre for kroppen enn hard trening. Søvn og kvile er uansett viktig, sjøl om det ikkje finst fasitsvar på kor mye me har behov for.

Mann som sover
Foto: Colourbox.no

Fysioterapeut Jan Egil Neverdahl har lang erfaring frå langdistanseløp både på ski og til fots, og dreiv ein periode med triathlon.

I 1996 gjekk han på ski over Grønland – ein tur som tok tre veker. Neverdahl har lært mye om behovet for rett kostald og ikkje minst kvile.

Behovet for kvile varierer

- Ein vanleg mosjonist kan godt trena kvar dag, viss intensiteten varierer. Behovet for kvile er avhengig av livet du lever ellers, seier Neverdahl.

Mange har ein jobb og eit privatliv som også krev sitt, og då kan det lett bli for lite kvile i forhold til belastninga. Statistikken viser at nordmenn søv i snitt seks timar i døgnet, og dét er for lite.


Ikkje tren seint på kvelden

Fysioterapeut Jan Egil Neverdahl
Foto: John Gunnar Skien / NRK

-Får me betre nattesøvn av å trena? Både ja og nei. Viss du trener intenst seint på kvelden, er mi erfaring at kroppen er så gira at det blir vrient å slappa av. Og dermed blir det vanskeleg å få sova.

Søvn eller bare kvile?

Søvn er god restitusjon, seier Neverdahl, men det er kvile også. Du treng ikkje sova for å restituera deg. Men du må kvila med godt samvit! Viss du opplever det som tvang, er utbyttet dårlegare.

Det same gjeld trening. Viss treninga er noe du på pålegg deg sjøl fordi andre forventar det av deg, blir ikkje effekten den same.

Søvn rett etter trening

Du må gjerne sova etter ei treningsøkt, men det er viktig å eta og drikka først. Skikkeleg kosthald er viktig for at kroppen skal henta seg inn igjen og at du får skikkeleg effekt av treninga. I tillegg forkortar du restitusjonstida.

Syklisrt viler på E18 i 1969
Foto: Ervik, Per / Scanpix

Kroppen seier i frå

Kva varselsignal sender kroppen viss den ikkje er klar for meir trening?
– Du klarer ikkje å yta det same. Og har ikkje lyst å trena. Viss du til dømes syklar i ei kjent løype, merkar du at det går tyngre enn vanleg. Då er det best å roa ned og henta seg inn igjen.

Men stress på jobben er ei større belastning på kroppen enn ei lystbetont, hard treningsøkt! Kroppen tåler dette betre enn å sitta på jobben og irritera seg over kolleger, seier Jan Egil Neverdahl.