Hopp til innhold

Død person er truleg svenske

Kripos si ID-gruppe har indikasjonar på at den døde personen, som nyleg blei funnen på Jæren, er svensk.

Feistein fyr

Det var her ved Feistein fyr i Klepp ein død person blei funnen fredag 3. august.

Foto: Bjørn Grimen / NRK

– Me har gjort funn på kroppen som kan tyda på at dette er ein person som kjem frå vestkysten i Sverige, seier leiar for Kripos si ID-gruppe, Per Angel.

Det er desse som har jobba med identifikasjonen på eit lik som blei funne på sjøen utanfor Jæren for om lag to veker sidan.

Liket var prega av å ha vore lenge i sjøen, og blei sendt inn til Gades Institutt i Bergen for rettsleg obduksjon.

ID-gruppa er framleis ikkje heilt ferdig med søket i Interpol sitt sakna-register. Men funnet på kroppen gjer at dei nå samarbeider med svensk politi om ein konkret person, som er sakna der.

– Så langt går indikasjonane på at dette er ein svenske, men tidlegare erfaring viser at me aldri kan sei dette med hundre prosent sikkerheit, før alle samanlikningar er gjort, seier Angel.

Personen skal ha hamna i sjøen i sommar.