– Knudenosten frå Aurenes gardsysteri, i Time i Rogaland er eit godt og spennande produkt, som til og med har skapt interesse hos NOMA, seier prisutdelar Gunn Ovesen, som er administrerende direktør i Innovasjon Norge.
NOMA i København er kåra til verdas beste restaurant for si satsing på det nordiske kjøkkenet.
– Grunnleggaren av NOMA, Claus Meyer, har blitt så begeistra at han gjerne vil selje osten frå Aurenes gardsysteri i utsala sine, seier ein imponert Gunn Ovesen.
Nasjonal konkurranse
Konkurransen om tittelen Årets Nyskapning sto mellom produkt som var nominerte av dei regionale juryaene, men har hatt ein eigen nasjonal juryering i regi av Gastronomisk Institutt.
Årsaka til sigeren
Årets Nyskapning er eit handverksprodukt basert på lokale råvarer. Geitemelk frå eigen gard i kombinasjon med bruk av tradisjonelle yste-teknikkar har gitt ein smaksrik ost med potensiale for ein større marknad, skriv juryen.
Det Norske Måltid
Det er Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Stiftelsen Norsk Matkultur som står bak prosjektet Det Norske Måltid. Målet er å synliggjøre lokale og regionale råvarer, skape stolthet og formidle matglede og kunnskap om norsk mat til hele Norges befolkning.