I ei oppdatert pressemelding klokka 20.45 måndag skriv Haukeland universitetssjukehus at tilstanden er endra frå kritisk til alvorleg for tre menn på 28, 34 og 42 år, som er til behandling ved sjukehuset sin brannskadeavdeling.
Tilstanden er også alvorleg for to menn på 34 og 61 år som er innlagde til intensivbehandling ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), skriv sjukehuset i ein pressemelding klokka 09.30 tysdag.
Alle desse var på jobb i Malm Orstad sine fabrikklokale i Klepp då det i titida oppstod ein kraftig eksplosjon i samanheng med testing av nytt kappeutstyr. Totalt blei seks personar mellom 20–60 år skadde i ulukka.
Ein av dei skadde blei skriven ut frå SUS måndag kveld.
- Les òg:
- Les òg:
Tåke gjorde at to av dei kritisk skadde måtte fraktast med eit Sea-King redningshelikopter, medan den tredje blei køyrd ut til Rennesøy i ambulanse, der eit legehelikopter frå Haukeland henta han.