Hopp til innhold

Fange rømde frå Åna fengsel

Det var ikkje mange timar ein rømt fange frå Åna fengsel fekk smaka på korleis det er å vera fri i føremiddag. Den 40-år gamle mannen kom seg ikkje lenger enn til Bryne før han blei teken.

Åna fengsel på Jæren

Politiet har i dag leita etter ein rømt fange på Jæren. Han skal ha kome seg ut via eit tak på Åna fengsel på Nærbø.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

I fire tida måndag fekk politiet tak i fangen som hadde rømt frå Åna fengsel utanfor Nærbø. Då hadde fangen kome seg til Bryne.

– Politiet fekk teke den 40 år gamle mannen som rømde heilt utan dramatikk, seier Karstein Tendenes operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt.

Det var i ettermiddag ein fange klarte å stikka av frå fengselet via eit tak. Politiet vil førebels ikkje uttala seg om kva mannen sat inne for, men dei opplyser om at mannen ikkje skal vera farleg.

I fire tida måndag var fangen på veg tilbake i arresten.