Han er ikkje lenger namnlaus!

Konkurransen er avslutta. Den humørsjuke jærbuen har endeleg fått eit namn!
Publisert 23.07.2009 17:43.
- Kommentarer
- Skriv ut
Responsen var stor då det blei utlyst ein namnekonkurranse for å namngje den nye attraksjonen i Kongeparken.
- Det er heilt klart at det var mange meiningar om kva han burde heita. Det var alt frå naboer, til eigne namn og fantasinamn. På berre vore eigne nettsider fekk me inn over 200 forslag, seier leikesjef i Kongeparken, Håkon Lund.
Var det vanskeleg å finna ein vinnar?
- Me plukka ut dei elleve beste, så sette me dei på ei liste på nettsida, så kunne folk stemma på navnet dei likte best. Me fekk over 1200 stemmer i løpet av ei kort veke, så engasjementet har vore stort.
Ifølgje Lund var vinnaren relativt klar, og hadde omlag 10 prosent fleire stemmer enn dei andre.
- Eg tenkte yes!
Og namnet blei Lorta-Lars!
Kva kan du sei om vinnaren?
- Ja, ein skulle jo tru at det var ein vaksen kar som hadde funne på det namnet der. Men det var det ikkje, me blei ganske overraska då me høyrde kven som hadde kome med forslaget. Det var ein jente på ni år, frå Ombo som heiter Amalie Olsen.

Amalie, korleis kom du på dette namnet?
- Jo det var eg og mamma og pappa som høyrde det på radioen, så begynte me å diskutera det. Det var eg og pappa som fant på det.
Har du sett Lorta-Lars i Kongeparken?
- Nei, det har eg ikkje .
Kva tenkte du når du høyrde at du hadde vunne konkurransen?
- Eg tenkte yes! Eg blei knallglad. Eg blei så overraska, hadde ikkje trudd eg skulle vinna.
Og premien?
- Jo, me må jo invitera Amalie og resten av familien til Kongeparken.Så skal ho få avduka Lorta-Lars, seier Lund.
Lorta-Lars har fått facebook-profil
- Ja, han har fått ein eigen profil på facebook. Der kjem den eine saftige glosa etter den andre, og vi kjem til å ha ei lita sak på kva folk ønskjer at Lorta-Lars skal seie framover, seier Lund.
- Han må jo tilpassa seg, det blir snart kaldt i veret og jul og greier, så han kjem nok til å frysa godt på den dokanten. Så då må han nok sei litt andre ting.
Siste: NRK Rogaland
- Partiene griper inn for seint - Åpner for retur for Solum Larsen
- Lånte ut millioner uten betingelser
- Aktor ber om fengsel for Birkedal
- – Ja, det har vore mykje sjikane
- Torturstraffen opprettholdes
- LidoLido til Hovefestivalen
- Presenterte 146 nye studentboliger
- Langfeldt forklarte seg i retten
- Vil ha fagbrev på engelsk











