Hopp til innhold

Flytta frå intensiven

Ein 17 år gammal gut, som i går blei skadd i ei traktorulykke, får ikkje lenger behandling på intensivavdelinga på Stavanger universitetssjukehus.

Falt under traktoren
Foto: Ronny Hjertås

Guten skulle hoppa av traktoren han sat på med, men sklei og kom under traktorhjulet.

Sjåføren på traktoren klarte ikkje å stoppa og kjørte over guten med bakhjulet. Guten fekk traktordekket over seg i mage-rygg-regionen.

Alvorlig

Akuttmottaket ved Stavanger universitetssjukehus opplyste laurdag ettermiddag at tilstanden var kritisk og alvorlig for 17-åringen. Han fekk skadar i mage og bein.

Søndag morgon er 17-åringen ikkje lenger til behandling på intensivavdelinga på sjukehuset, men er flytta til observasjon.

Skjedde på Hårr i Hå

Det var klokka 12 laurdag, at politiet blei varsla av AMK. Guten blei først frakta til heimen sin og deretter overtok ambulansehelikopteret og tok han med til Universitetssjukehuset i Stavanger.