– Fleire er misnøgde med å vera her
SJÅ VIDEO: Mortaza Qurbani frå Afghanistan seier at nyheita om knivstikkinga kom uventa på han, men at det er slik som kan skje når over om lag 150 personar bur tett saman.
Knivstikkinga som skjedde på Hå mottakssenter i natt kom overraskande på dei som bur der. – Men likevel er det slik som kan skje når 150 personar bur tett saman, seier Mortaza Qurbani frå Afghanistan.
Publisert 20.03.2013 16:19.
- Skriv ut
Ein mann på 29 år er alvorleg skadd etter han i natt blei knivstukken på Hå mottakssenter på Nærland i Hå. Politiet har tatt ein 27-åring som dei siktar for ugjerninga.
Dei to mennene er begge bebuarar på asylmottaket, og kjem frå ulike nasjonar. Totalt er det 147 plassar ved mottaket, og 20 ulike land er representerte.
– Ei trist sak
– Normalt har me det veldig fint saman, men ikkje alle er like nøgde med å vera her. Når me er 150 personar som bur her, er jo dette noko som dessverre kan skje, seier Mortaza Qurbani, som kjem frå Afghanistan og nå bur på Hå mottakssenter.
Han seier at dei fleste er prega av hendinga.
– Dette er ei trist sak. Me bur tett saman her, og har det vanlegvis veldig fint.
Dette er også oppfatninga til Hero, som ikkje har nattevakt ved senteret.
Sjå TV-sak
SJÅ VIDEO: Politiet vurderer om 27-åringen, som er sikta for knivstikkinga, skal framstillast for varetektsfengsling.
– Skremmande
– Stort sett fungerer det veldig fint. Me har få førespurnader på vakttelefonen, og mange av dei som bur her har budd her lenge, seier mottaksleiar Berit Stangeland Hårr.
Ho meiner derfor at det er vanskeleg å fanga opp konfliktar mellom bebuarane før det skjer noko.
Stangeland Hårr har vore i kontakt med fleire av bebuarane etter hendinga i natt.
– Dei seier at det er veldig trist. Dei syns at det både er skremmande og leit at slikt kan skje på mottaket, seier ho til NRK.
Politiet opplyser til NRK at dei torsdag vil ta stilling til om den sikta 27-åringen skal bli varetektsfengsla.
Siste: NRK Rogaland
Oilers vann og gjekk i føringa - Han plankar på fjeset
- – Fleire er misnøgde med å vera her
- Statoil får bot på 30 millioner
- Stien til Preikestolen er farlig
- Birkedal advarer mot broilere
- NSB vil fjerne sovevognene
- Vil stramme inn barnehageopptak
- Mann knivstukket på asylmottak i Hå
- Branner på Haugalandet











