Hopp til innhold

Nye avhøyr i Klepp-saka

Den sikta 43-åringen i Klepp-saka skal i dag inn til sitt første avhøyr etter han blei varetektsfengsla. – Så får me berre sjå om han vil svara på spørsmåla me har, seier lensmann i Klepp, Hans Kyllingstad.

Hans Kyllingstad

KLEPP: Lensmann Hans Kyllingstad, i Klepp, seier tysdag føremiddag at etterforskinga held fram for fullt.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Den eine som er sikta og varetektsfengsla etter tolv år gamle Olav Hovda blei påkøyrd og drepen i Lalandsvegen i Klepp har anka fengslinga.

Medan anken til den 43 år gamle mannen blir behandla, må han i dag inn til nytt avhøyr med politiet.

– Me har ein del spørsmål

– Me har snakka med han tidlegare i saka, men nå vil me ha eit nytt avhøyr etter fengslinga, seier lensmann i Klepp Hans Kyllingstad.

– Kva forventar de å få ut av avhøyret?

– Me har ein del spørsmål som me vil stilla han i dag, så får me berre sjå om han vil svara. Kva me forventar har eg ingen kommentar til.

Lensmannen reknar med at anken til den sikta vil få ei avgjersle i dag eller i morgon.

Ektefellen til 43-åringen sit også varetektsfengsla, men har ikkje anka. Dei har begge medieforbod den første veka.

Lalandsvegen i Klepp og Olav Hovda (innfelt)

Det var her på Lalandsvegen i Klepp tolv år gamle Olav Hovda blei påkøyrd fredag 4. januar. Dagen etterpå blei han erklært død.

Foto: Kent Skibstad / NTB Scanpix/Privat

Jobbar med mobilspor

Mannen meiner at mobilspor og nettrafikk vil bevisa at han ikkje har vore i bilen. Lensmannen seier dei er i gang med å sjekka desse spora.

– Me jobbar med saka, me treng ei stund til for å få behandla alle opplysningane me sit på, seier han.

Men det er ikkje berre dei sikta politiet vil konsentrera seg om.

Fleire vitne inn til avhøyr

– Me held fram med å etterforska saka for fullt. Me skal også gjera avhøyr av vitne som me meiner er viktige for saka.

– Kva slags vitne er dette?

– Nå er det vitne som me håper kan sei litt om personane, bilen og rørslene me veit har skjedd i og rundt Lalandsvegen. Også opplysningar om kva som har skjedd i og rundt bustaden til dei to.

– Har de ein teori om korleis hendingsgangen har vore?

– Me har vel ikkje sagt at me har ein teori, men me har nå eit godt bilete av kva som har skjedd, så får me sjå kva desse avhøyra gjer oss i løpet av dagen.