Hopp til innhold

Må truleg stenga hovudvegar

Allereie nå varslar Vegvesenet at Fv 504 og Fv 505 over Høg-Jæren blir vanskelege å halda opne i kveld og i morgon. – Me er redde for at bilar skal køyra seg fast, seier Eivind Stangeland i Statens vegvesen.

Brøytebil i snøen

BRØYTAR VEG: Entreprenørselskapet Risa har vore ute å brøyta vegar sidan i går kveld.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Fram til nå har hovudproblemet på vegane i Rogaland vore snøen, nå er det den varsla vinden som uroar Vegvesenet.

– I tillegg til all snøen blir vinden ei utfordring nå. Snøen kan fort blåse over vegane slik at bilar kan bli sitjande fast, forklarar Eivind Stangeland i Statens vegvesen.

Må truleg stenga vegar på Høg-Jæren

Allereie nå varslar dei at vegar kan bli stengde det komande døgnet, der vinden skal herja som verst.

– Me veit ikkje kor lenge me til dømes klarar å halda Fv 504 og Fv 505 opne over Høg-Jæren, seier Stangeland.

– Me er redde for at bilar skal køyra seg fast, seier han.

Vidare oppmodar han folk som kan gå tidleg frå jobb om å gjere det i dag. Det er meldt aukande vind og meir snø til kvelden.

I tillegg ønskjer han at flest mogleg nyttar kollektivtransport slik at brøytebilar lettare kjem fram.

– Vi veit at fleire busslommer framleis er fulle av snø. Det jobbar vi med nå, slik at det blir framkommeleg for bussane, seier Stangeland.

Vinterstengt på Fv 520

Statens vegvesen melder også om at Fv 520 over Saudafjellet er stengt på strekninga mellom Hellandsbygd og Røldal frå i dag.

– Det er så mykje snø og høge snøskavlar at det ikkje er forsvarleg å halde vegen open, seier byggeleiar Einar Stange.

Saudafjellet er nå stengt for vinteren.