Hopp til innhold

– Dette var heilt vilt

Etter to kilometer symjing, ni mil sykling og to mil springing var Gudmund Snilstveit mildt sagt sliten. Han blei nummer tre under søndagens «Ironman»-arrangement i Haugesund.

– Dette er berre ein draum! Eg blir berre slått av to verdsstjerner, seier ein overlykkeleg Gudmund Snilstveit.

Første «Ironman» i Haugesund

Han har nett fullført triatlonarrangementet «Ironman», som for første gong blei arrangert i Haugesund sundag.

Det inneber nøyaktig 1,9 kilometer symjing, 90 kilometer sykling, og til slutt, 21,1 kilometer springing. Målstreken var i Haugesund sentrum.

– Då eg fekk høyra at eg låg på andre plass etter syklinga forsto eg lite. Eg høyrde det på høgtalarane og tenkte 'hæ, køddar du', fortel Snilstveit, som blei den beste nordmannen i dagens løp.

Dei som slo han var Rasmus Henning frå Danmark på sølvplass og vinnar Filip Ospaly frå Tsjekkia.

– Løypa kunne ikkje vore betre

I kvinneklassen hadde ikkje Norge med nokon på pallen, men vinnaren, Mary Beth Ellis frå USA, hadde berre godord å koma med om vertsnasjonen.

– Løypa kunne ikkje ha vore betre. Det var så vakkert at eg måtte konsentrera meg om å ikkje kikka for mykje rundt meg. Elles var publikumstrykket imponerande, Haugesund har gjort ein svært god jobb, seier Ellis til NRK.no.

Også Haugesund-ordførar, Petter Steen, var svært begeistra.

– Dette sett Haugesund på kartet på ein svært positiv måte. Dette er det største internasjonale idrettsarrangementet denne byen har hatt. Om eg ikkje hadde hatt øyre hadde smilet mitt gått rundt, seier han.

Og planen er at det også skal arrangerast «Ironman» i Haugesund neste år.