Hopp til innhold

Overfallsvaldtekt i Haugesund

To menn drog i natt ei kvinne i Haugesund inn i ein bakgard og valdtok ho. Kvinna var i slutten av tenåra opplyser politiet.

Overfallsvaldtekt i Haugesund

Det var i denne bakgarden i Strandgata valdtekten skjedde natt til laurdag.

Foto: Tor André Johannessen

Like før klokka fire i natt fekk politiet melding om ei overfallsvaldtekt i Haugesund.

Det var to ukjende menn som drog ei kvinne i slutten av tenåra inn i ein bakgard, og forgreip seg på ho. Dette skjedde i Strandgata like ved serveringsstaden Bestastuå.

– Ho har synt oss staden og vore til undersøking hos valdtektsmottaket, opplyser Svein Roald Vikse i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

I tillegg har kvinna vore inne til politiavhøyr. Her har ho forklart at dei to mennene var mørkt kledde, om lag 170 centimeter høge og hadde utanlandsk utsjåande.

– Politiet har sikra seg tekniske bevis, og me har etterforskarar som jobbar med saka utover dagen, seier Oddvard Olsen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Nrk.no.

Politiet ønsker tips frå vitne eller folk som har vore i nærleiken der valdtekten skjedde i ein bakgard i Strandgata i Haugesund.