Fire års fengsel for valdtekt
Retten peiker på at fornærma hadde all grunn til å tru ho kunne bli drept under overgrepet.
Publisert 22.02.2012 16:35.
- Skriv ut
Ein 36 år gammal mann er i Haugaland tingrett dømt til fire års fengsel for å ha valdteke ei kvinne Haugesund i januar 2011.
Dansa og kyssa på utestad
Den 22 år gamle kvinna møtte mannen på ein utestad, dei kjente ikkje kvarandre frå tidlegare. Dei skal ha dansa saman og kyssa. Kvinna har forklart at ho etter ei stund ville komma seg vekk frå mannen, og at ho difor gjekk på toalettet. Mannen følgde etter, og ho blei ikkje kvitt han.
Tok kvelertak på kvinna
Då utestaden stengde blei kvinna med mannen heim. Ho la seg påkledd i senga hans, og mannen prøvde å ta av ho klærne. Ho gjorde motstand, og dei havna på golvet. Der blei det ein kamp kor mannen tok kvelertak på kvinna, og han trykka foten sin mot halsen hennar. Mannen fekk av ho klærne og gjennomførte overgrepet.
Kvinna kom seg laus etter ei stundt og sprang ut av huset.
Retten meiner mannen var svært valdeleg under overgrepet, og at kvinna hadde all grunn til å tru at ho kunne bli påført alvorleg skade eller blir drept. Han må også betala 150 000 kroner i oppreising til kvinna.
Mannen var også tiltalt for å ha valdteke ei anna kvinne, men blei frikjent. Etter ei totalvurdering av bevisa kom retten fram til at det var stor usikkerheit knytt til det som hadde skjedd, og at tvilen måtte komma tiltalte til gode.
Siste: NRK Rogaland
Finværet gir prisras på sydenturer - Streiken rammer ikke lokaloppgjøret
- Tidlig vennskap hindrer utflytting
- Båt gikk på skjær vest for Åkrehamn
- Fryktar for liva til barna
- Kvinne til sjukehus etter ulukke
- Kaos på Stavanger Lufthamn Sola
- Algegift stenger badevatn
- Politiet etterlyser denne mannen
- Klemetsen vil ha Carew til Viking










