Hopp til innhold

Kan bli ny DNA-jakt i Tengs-saka

Politiet i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt meiner Kripos har brukt for lang tid på å vurdera ei ny DNA-jakt i Birgitte Tengs-saka. Politimeister Kaare Songstad avviser ikkje at ny DNA-teknologi kan avsløra drapsmannen i den uoppklarte drapssaka frå 1995.

Kaare Songstad, politimester i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt

Kaare Songstad, politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, seier at dei vil vurdera ny DNA-jakt i Tengs-saka etter at dei har fått tilbakemelding frå Kripos.

Foto: NRK

Det var fetteren til Birgitte Tengs og advokaten hans, Arvid Sjødin, som i mai i fjor bad politiet om ein ny DNA-gjennomgang i den uoppklarte drapssaka på Birgitte Tengs i 1995.

– Dette er ein førespurnad me tar alvorleg, men det er ikkje slik i systemet vårt at me berre kan setja i gang slike undersøkingar, seier politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Kaare Songstad.

Dei sende derfor ein førespurnad til Kripos i haust. Den har dei framleis ikkje fått svar på.

Vil ha ny gjennomgang av kleda

– Det me søkjer om er nye undersøkingar av kleda, som framleis er sikra og ligg i beslag på politikammeret. Med dagens DNA-teknologi ha langt større sjanse til å avdekka gjerningsmannen enn det me hadde då etterforskinga var oppe sist, seier Arvid Sjødin til NRK.no.

Nyleg blei to britar dømde for eit drap som skjedde i London i 1993. Det var ny metodar å finna DNA-profilar som var avgjerande i denne saka, og det er denne metoden Sjødin ønskjer brukt i drapssaka frå Karmøy i 1995.

Det trengst nå langt mindre biologisk materiale for å ta ut ein DNA-profil.

Politiet positive

Men Sjødin har ikkje fått svar frå politiet om dei vil ta nye DNA prøvar. Då NRK tok saka opp på fredag ville ikkje politiet snakka, men i dag er politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Kaare Songstad positiv.

Han avviser ikkje ei ny DNA-jakt:

– Nei, slettes ikkje. Me veit at teknologien utviklar seg fort, og sidan det er så lenge sidan drapet skjedde er det naturleg og i alle fall vurdera om det er aktuelt å gjera slike undersøkingar, seier Songstad.

Minnestein der Birgitte Tengs ble funnet drept

Minnestein der Birgitte Tengs blei funnen død på Karmøy i 1995.

Foto: ALF OVE HANSEN / Scanpix

Skuldar på Kripos

Då politiet fekk brevet frå Sjødin, 16. mai i fjor, sende dei ein førespurnad til Kripos. Denne blei sendt på hausten, men dei har framleis ikkje fått svar. Ifølgje Songstad er det dette som har seinka prosessen:

Arvid Sjødin

Arvid Sjødin har tidlegare reist spørsmål om politiet ønskjer Tengs-saka oppklart. – Saman med KRIPOS har dei øydelagd ein mann, og nå er dei ikkje villige til å retta det opp, har han tidlegare sagt til NRK.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Det har tatt for lang tid, og det som først og fremst har tatt tid er å få svar ut frå Kripos.

Ein ny analyse vil berre kosta om lag 50.000 kroner etter det NRK har fått opplyst, og Songstad hevdar at det ikkje er eit spørsmål om pengar:

Dersom me får eit positivt svar frå Kripos om at dette kan gje meirverdi i saka, skal det i alle fall ikkje stå på pengar.

Vil vurdera ny DNA-jakt

– Arvid Sjødin har reist spørsmål om de i det heile tatt ønskjer saka oppklart. Kva tenker du om det?

– Saka står som uoppklart. Uoppklarte drapssaker skal me alltid ha nødvendig interesse for, og eg forstår at Sjødin meiner dette går litt tregt. Noko eg for så vidt er einig med han i.

– Når me får svar frå Kripos vil det vera naturleg at me er raske på labben i forhold til ei vurdering saman med Statsadvokaten om kva som kan og bør gjerast, held Songstad fram.

Han seier at dei nå vil purra på Kripos for å få eit svar på førespurnaden dei sende i haust.

Meir om Tengs-saka