Hopp til innhold

– Ei historisk opning

I dag var siste gjennomslag i vegprosjektet T-sambandet, som har ein prislapp på 1,5 milliardar. Nå kan ein for første gong koma seg frå Karmøy til Tysvær utan å bruka Karmsund bru.

Video Siste gjennomslag i T-sambandet

Fylkesordførar Tom Tvedt fekk fyra av den siste salva som gav gjennomslag i tunnelen under Førdesfjorden, Fosen og Karmsundet. (Foto: Arne Gunnar Olsen)

– Dette er eit historisk augneblikk, seier fylkesordførar i Rogaland Tom Tvedt.

Det var han som fekk æra av å fyra av den siste salva som gjorde at dei tre meter med fjell som var att i tunnelen la seg fint ned.

Det historiske gjennombrotet skjedde klokka 13.00 torsdag.

– Viktig tunnel

Dermed er det nå opning frå Tysvær i aust til Karmøy i vest, med opning også på Hellevik på Fosen. Eit etterlengta vegsamband i Haugaland:

– I dag står eit samla Haugaland bak opninga. Dette er ei stor og viktig sak for infrastrukturen og samkvemmet mellom kommunane, seier ordførar i Karmøy Kjell Arvid Svendsen til NRK.no like etter sprenginga.

På det djupaste er den nye undersjøiske tunnelen 139 meter under havet og den er heile 2 mil lang. Totalkostnaden på prosjektet er 1,5 milliardar kroner, velinvesterte pengar ifølgje den avtroppande fylkesordføraren:

Største vegprosjekt i Rogaland

– Dette er ikkje eit dårleg ettermæle. Å ha vore med på det største vegprosjektet i Rogaland nokon sinne, seier Tvedt.

Men T-sambandet har berre gitt han blod på tann når det kjem til kva han ønskjer å få til vidare:

– Dette er berre den første løysinga. I 2019 kjem eg tilbake for opning av Rogfast, først då er Rogaland samla.

Det er venta at T-sambandet skal vera klart til opning våren 2013.

Gjennomslag T-sambandet

Fylkesordførar Tom Tvedt var nøgd med å få vera med på den historiske opninga før han går av om fjorten dagar.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK