Hopp til innhold

I konvolutten var det 14.000 kr - brevet var signert «Ein som angrar»

– Eg har aldri opplevd eller høyrt om noko liknande i mi karriere som lensmann, seier Karmøy-lensmann Reidar Gaupås.

Angrande syndar

Hendinga med den angrande syndaren var så spesiell at politimiesteren i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt skreiv om den på nettstaden Twitter.

Foto: Twitter / Skjermdump

Desember 2008 blei ein bil bulka på ein parkeringsplass på Karmøy i Rogaland. Syndaren stakk av og kvinna som var eigar av bilen måtte sjølv syta for å få retta ut bulken.

«Til lensmannen personleg»

Tre år seinare tyda alt på at denne lille hendinga var gløymd. Men det var før eit tungt brev falt ned i postkassa på Lensmannskontoret på Karmøy.

– Konvolutten var tjukk og det stod skrive «Til lensmannen personleg» på den. Eg forventa det skulle vera rekningar, men der tok eg feil. Konvolutten var full av 500- og 1000-lappar, seier karmøy-lensmann Reidar Gaupås.

Han talte saman med kollegaene sine opp pengane og fann ut at det var 14.000 kroner til saman. Og i brevet som var vedlagt var forklaringa på mysteriet:

– I brevet stod det «Helsing frå ein som angrar», og det skulle visa seg at dette handla om den litle bulkinga for fire år sidan, seier lensmannen.

– Hadde spart opp pengar

Den angrande syndaren hadde i si tid notert bilnummeret på bilen han eller ho hadde bulka. For så å spara opp pengar til å erstatta skadane.

Gaupås tok så kontakt med bileigaren til «Den litle raude bilen» som det stod i brevet.

– Eg spurte meg forsiktig fram om det var ho som eigde bilen framleis, og om ho hadde hatt skadar på bilen. Ho kunne då fortelja om hendinga for fire år sidan, og eg kunne overrekka den gledelege nyheita, seier lensmannen.

Kvinna hadde ikkje tenkt noko særleg mykje meir på bulkinga etter ho hadde fått den fiksa, men hadde vore litt sint der og då, sidan det ikkje hadde blitt lagt igjen ein lapp.

– Svært glad og nøgd

Så fekk ho altså oppgjeret fire år seinare, noko ho blei svært glad og nøgd med.

– Eg har aldri opplevd eller høyrt om noko liknande i mi karriere som lensmann, seier Gaupås.

Og så spesielt var oppdraget at politimeisteren i Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt i dag skreiv om det på nettstaden Twitter då oppdraget var ferdig utført.

Politiet håper at fleire kunne ha ordna opp for seg, om enn det skjer litt lenge etterpå.