Hopp til innhold

Tok taxi fra Haugesund til Oslo, nektet å betale

Den 72 år gamle mannen sa til taxisjåføren at han hadde vunnet i lotto, så betaling ville ikke bli et problem. Nå er mannen dømt til å gjøre opp for seg i Oslo tingrett.

Taxisjåfør - illustrasjonsbilde

Taxisjåferen kunne i retten fortelja at han hadde hatt ein god tone med passasjeren fram til dei kom tilbake til Oslo.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Til slutt kom taxituren, som var heile heile 923,3 kilometer, på 19.000 kroner for den eldre mannen.

Truverdig

Det var ein litt uvanleg tur taxisjåføren i Oslo blei bedt om ta midt på natta 30. mai i fjor. Ein mann på 72 år ba om å bli køyrd til Haugesund, og så tilbake att.

I retten kunne taxisjåføren nyleg fortelja at den 72 år gamle mannen såg ut som ein truverdig mann i fine klede.

– Han sa at han hadde vunne i lotto, slik at det ikkje ville bli problem for han å betala, står det i dommen.

Men då dei to hadde vore i Haugesund, og var på veg inn til bussterminalen i Oslo skal mannen ha byrja å sveitta og skjelva.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tidlegare straffedømd

Taxisjåføren forstod at det ikkje var mogleg å få pengar av den eldre passasjeren og melde saka til politiet.

Politiet fann raskt ut at mannen tidlegare har vore straffedømd fleire gonger, i 1967, 1971 og 1987.

Retten har ved to høve sjekka hans mentale tilstand og kome til at mannen ikkje er sinnsjuk.

Dermed fann retten det rimeleg at mannen må betala rekninga som var på 9.977 kroner, ei bot på 7.000 kroner og sakskostnader på 2.000 kroner.

Mannen møtte sjølv ikkje opp i retten då han blei dømd.