Vatsfjorden var rustraud på grunn av ufarleg plankton slår NIVA fast

Vatnet i båthamna i Åmsosen på laurdag 04.09.2010.
Foto: Ståle Jøtne– Heldigvis var det berre eit ufarleg zooplankton som gav fargen i helga, seier fylkesmiljøvernsjef i Rogaland May Britt Jensen.
Publisert 09.09.2010 15:04. Oppdatert 10.09.2010 14:16.
- Kommentarer
- Skriv ut

Det var denne lille ciliaten (Mesodinium rubrum), som var årsaka til det raude sjøvatnet i Vatsfjorden.
Foto: T.M. Johnsen/NIVAMange har vore urolege for utslepp i Vatsfjorden etter at sjøvatnet i helga blei farga raudt. Ein farge som kom tilbake same stad på tysdag.
Då raudfargen vart oppdaga, blei vassprøvar straks innhenta, og i dag kom gladmeldinga frå NIVA (Norsk institutt for vannforskning).
– Mange har vore urolege, derfor er det bra at dette var ein ciliat i symbiose med ein raudfarga ufarleg alge. Visstnok skal ikkje dette vera eit uvanleg fenomen, seier fylkesmiljøvernssjefen som har motteke resultata frå NIVA.

Ein alge i symbiose med ein annan alge var årsaka til fargen.
Foto: Ståle JøtneDerfor blei sjøen raud
Jensen meiner også at fenomenet i Vatsfjorden er svært interessant.
Ciliaten som NIVA fann store mengder av i vassprøvane lev i symbiose med ein type alge, denne har djupraude pigmenter. Ciliaten kan også symja så mykje som 40 meter i døgnet.
Når mange av desse i løpet av kort tid søkjer mot overflata, vil sjøen få ein raud farge. Fenomenet oppstår når konsentrasjonen av algane er høg, noko den blir viss det er god tilgang på næringssalt.
Når algane trekk mot djupet og spreier seg meir, forsvinn fargen.
- LES ÒG: Tror naturfenomen ga rød Vatsfjord
- LES ÒG: Nytt rødbrunt flak i Vatsfjorden
Kart
Delta i diskusjonen på nrk.no
Legg gjerne igjen ein kommentar! Vi oppfordrar deg til å:
- Oppføra deg som folk
- Halda deg til saka
- Visa respekt for andre, også dei som er ueinige med deg
- Skriva kort
NRK.no kan fjerna upassande innhald.
Les
Siste: NRK Rogaland
Solum Larsen kan bli avhørt i dag - Klemt under bilen
- Kritisk til medienes oppførsel
- Sandnes Ulf er i storform
- - Partiene griper inn for seint
- Åpner for retur for Solum Larsen
- Lånte ut millioner uten betingelser
- Aktor ber om fengsel for Birkedal
- – Ja, det har vore mykje sjikane
- Torturstraffen opprettholdes










