Håkjerringa er ein av åtte haiartar som held til i norske farvatn. - Det er veldig sjeldan at den blir fanga og registrert og det er grunn til å tru at den er ein trua art. Det seier fagsjef i naturvernorganisasjonen WWF, Nina Jensen.
Mange reaksjonar
På NRK.no sine nettsider har det kome mange og harde reaksjonar på rekordfangsten av ei håkjerring på 880 kilo, i Boknafjorden mellom Stavanger og Haugesund.
Fleire innsendarar meiner at håkjerringa er freda og at det uansett er forkasteleg å fiska opp ein slik sårbar og seintveksande haiart.
Ulovleg som næringsfangst
- Næringsfiskarar har ikkje lov til å fanga denne haiarten. Det seier Nina Jensen, som er fagsjef i WWF Norge.
Håkjerringa veks seint, det tar lang tid før den er kjønnsmogen og den føder få ungar, opplyser Jensen. Ho meiner at også fritidsfiskarar bør halda seg vekke frå slik fangst, men ho seier også at det ikkje er ulovleg det som dei to danske fiskarane her har gjort.
- Fritidsfangst er lovleg, men her er det gjort på ein art som er sårbar og som truleg er i kraftig tilbakegang, seier Jensen.