Hopp til innhold

Fleire utanlandsfly frå Haugesund

Så godt som utselde fly til Tyrkia og Bulgaria frå Haugesund i sommer viser behovet for fleire ruter. Lufthavnsjefen vil ha rute til Hellas.

Etter ein nedgang i utanlandstrafikken på omlag 10 prosent over Haugesund lufthavn til no i år, peiker pilene oppover igjen.

Haugalendingane viser no stor interesse for å kome seg sydover i sommar.

No går det to fly i veka frå Haugesund lufthavn, Karmøy, til Tyrkia og Bulgaria.

Avgangane til Bulgaria i sommar er så og seie fulle. Også flya til Tyrkia nærmar seg utselde. Dette viser at det er behov for fleire ruter til utlandet, seier lufthavnsjef Øystein Østensjø ved Haugesund lufthavn, Karmøy.

Greske øyer 

Utselde avgangar viser at det er grunnlag for minst ei rute til, seier Østensjø. Vi håper å kunne få til ei rute til ei av dei greske øyane, seier han.

Medrekna dei to flya i veka til Tyrkia og Bulgaria begynner det å bli ein god del utanlandsfly frå Haugesund, seier Østensjø.