Hopp til innhold

Streikefare på Haugesund lufthavn

Haugesund lufthavn, Karmøy, kan verte råka av streik blant vektarar frå laurdag morgon. Også minibankar og nattsafar i fylket kan verte råka.

Haugesund lufthavn er den einaste av flyplassane her i fylket der vektarane kan verte tekne ut i streik.

Norges Arbeidsmandsforbund har varsla streik blant 3000 vektarar dersom meklinga ikkje fører fram innan midnatt fredag.

Også minibankar og nattsafar i heile fylket vert råka dersom det vert streik. Minbankane vert ikkje fylte og nattsafane vert ikkje tømde.

Gratis i bomstasjonar

Streiken er effektiv frå laurdag morgon dersom meklinga ikkje fører fram. Streiken kan også råke enkelte bomstasjonar i fylket slik at det vert gratis å køyre gjennom. Årsaka er at vektarar vert brukte til å tømme bomstasjonane for pengar. Dersom bomstasjonane vert fulle må bilane sleppast gjennom gratis.

Flere nyheter fra Rogaland