Hopp til innhold

Prøvde å stoppa bordbøn

Arbeidarpartipolitikar ville ha slutt på bordbønn i kommunestyremøte. Til svar fekk han eit nedslåande nei.

Bjerkreim kommune, rådhuset

Når dei skal eta under kommunestyremøta på Bjerkreim heradshus syng dei for maten..

Foto: Gunnar Morsund / NRK

– Eg har vore med i kommunestyremøtet i snart 24 år og me har alltid sunge for maten, seier ordføraren i Bjerkreim, Marthon Skårland, frå Høgre til NRK.no.

For når dei har kommunestyremøte på Bjerkreim tar dei seg ein pause i åtte tida for å eta litt. Då er det tradisjon at arbeidarpartipolitikaren Karl Gjedrem, som forsongar, stemmar i med eit bordvers. Og så deltek heile forsamlinga.

  • Bør politikarar syngja kristne songar før maten? Sei meininga di nedst i artikkelen...

Men på onsdag blei møtet noko annleis skriv Dalane Tidende.

Ville ha slutt på tradisjonen

– Det som blir sunge er mykje blanda frå ein bukett av kristne bordsongar, og eg meiner me bør vera religionsnøytrale i eit offentleg møte, seier partikollega til forsongaren, Magne Vaule.

Etter å ha sjekka rundt i nabokommunar fann han ut at tradisjonen på Bjerkreim både var uvanleg, og at mange meinte den var merkverdig.

Dermed føreslo han å fjerna bordbøna frå møta.

Avstemming på staden

Ordføraren måtte innrømma at han ikkje hadde tenkt noko særleg på dette som eit problem, og valde derfor at dei skulle stemma over saka der og då.

Resultatet var nedslåande. 3 ville fjerna bordbøna, mens 14 ville halda på tradisjonen.

Dermed blir bordbøner som «I Jesu namn me går til bords», «Gledens herre vær vår gjest» og «O du som metter liten fugl» å høyra på kommunestyremøta i Bjerkreim også framover.

Bjordal i Bjerkreim

I Bjerkreim kommune har det vore tradisjon å syngja for maten svært lenge.

Foto: Sissel Grøtteland Vikeså

– Torer ikkje å avslutta tradisjon

Vaule seier at han ikkje vil setja seg ned å syta over at han ikkje fekk slutt på bordbøna, men at han framleis tykkjer det er ein uting.

Er det så farleg?

– Eg kan leva med at det framleis blir sunge bordvers, men eg meiner det er eit viktig prinsipp at ei offentleg forsamling bør vera religionsnøytral.

Han trur at folk kanskje ikkje torer å avslutta tradisjonen, og seier at folk har haldt på med det så lenge han veit.

Ikkje eit problem

Ordføraren som stemte for å halda på bordbøna, seier at han forstår at nokon kan sjå på dette som eit problem, men meiner likevel at det er nokså uskuldig.

– Kall det gjerne bordbønn, eg kallar det å syngja for maten. Kvaslags song det er meiner eg ikkje har så mykje å seia, seier Skårland.

Han seier at når ein tradisjon har blitt brukt i så mange år, er det ikkje noko problem å halda fram.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.