Hopp til innhold

Familie evakuert frå heimen

Ein familie på fire er evakuert frå heimen sin ved Lundeåne i Egersund. Gravemaskinar er sett inn for å hindra at huset rasar ut i elva.

Hus raser i elva i Egersund

Rajin Nagalingam og familien er evakuerte frå heimen sin. Dei er svært nervøse etter at huset raste av grunnmuren.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Huset har rast av grunnmuren, og det er fare for at huset kan rasa ut i elva. Det kan kan få store konsekvensar fordi huset også vil kunne ta med seg ei bru ned mot sentrum av byen.

- Det verste som kan skje er at gangbrua legg seg som ein propp ved Damsgård bru, og då snakkar me om ein større flaumkatastrofe i Egersund sentrum, seier informasjonsansvarleg i Eigersund kommune, Leif Broch.

Beredskapsgruppa i Egersund har i ettermiddag vore på synfaring på staden. Dei har bestemt at gravemaskinar no skal setjast inn. Gravemaskinane skal setja inn betongblokker under og ved sida av huset, for å prøva å hindra at det raser ut i elva

Situasjonen er i kveld under kontroll, opplyser NRK sin reporter på staden, Øystein Ellingsen. Vasstanden er no lågare, og huset står ikkje i fare for å hamna i elva i kveld. Men, det er venta meir regn i morgon.

Damgård bru i Egersund

Her ved Damgård bru kan det bli ein propp dersom huset raser ut. Det kan føra til flaum i store delar av sentrum.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Framleis flaumfare

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier i ei melding at vassføringa no er på veg ned på Vestlandet. Det er venta meir nedbør natt til søndag, noko som kan føra til auka vassføring att.

NVE meiner likevel at det er lite sannsynleg at vassføringa blir større enn det høgaste nivået fredag.

Vassføringa har dei siste dagane vore på nivå med femårsflom i fleire vassdrag i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Enkelte stader, som i Egersund, er det tiårsflaum.

LES OGSÅ: Dalane ligger under vann