Hopp til innhold

– Det ser ut som om nokon har kasta lasso med julelys

Ordførar i Gjesdal kommune, Olaug Bollestad, krev at julepyntinga i Ålgård blir gjort om att. – Det må i det minste bli gjort skikkeleg, seier ho.

Folk på Ålgård har reagert på årets pynting til jul, og heller ikke kommunen er fornøyd med jobben Lyse har gjort. I dag har Lyse vært på befaring. Selskapet lover å ordne opp i det som blir beskrevet som lasso-kasting av julelys.

►SJÅ VIDEO: Etter klager frå både publikum og Gjesdal kommune lovar nå kraftselskapet Lyse fleire julelys på Ålgård. Foto: Arild Eskeland/Kristoffer Møllevik

Julepynt på Ålgård

ÅLGÅRD: Slik har Lyse pynta trea utanfor kyrkja på Ålgård med julelys. Verken innbyggarar eller kommunen er nøgde, seier ordføraren.

Foto: Arild Eskeland / NRK
Jul på Champs-Elysees

PARIS: Dette er julepynten i Frankrike si paradegate, Champs-Elysees.

Foto: PATRICK KOVARIK / Scanpix/AFP

Olaug Bollestad hadde ikkje venta at Ålgård skulle bli den nye Champs-Elysees, då dei betalte kraftselskapet Lyse for å pynta med julelys.

Men ordføraren i Gjesdal blei likevel veldig skuffa då ho fekk sjå resultatet.

Har sendt inn klage

– Ingen er nøgde med dette. Ikkje innbyggarane og ikkje kommunen. Det ser ut som om nokon har kasta lasso med julelys, seier Bollestad til NRK.no.

Derfor har ho nå klaga til kraftselskapet Lyse, som tilbyr kommunar å ta seg av juledekoreringa.

– Her har me kjøpt og betalt for ei teneste, som ikkje har blitt gjort skikkeleg. Sidan me ikkje er nøgde har me klaga på tenesta, seier Bollestad.

Ho håper at dei vil fiksa opp julepynten så snart som råd, sidan jula nærmar seg.

Ordførar i Gjesdal kommune, Olaug Bollestad, krev at julepyntinga i Ålgård blir gjort om att. – Det må i det minste sjå skikkeleg ut, seier ho.

►SJÅ VIDEO: Olaug Bollestad (KrF) var lite nøgd med korleis kraftselskapet Lyse har pynta til jul på Ålgård.

– Det minste me kan forventa er det i alle fall blir gjort skikkeleg.

Skal vera fiksa på måndag

Kommunikasjonsrådgjevar i Lyse, Ingvild Ween, seier dei tar klagen på alvor.

– Derfor har me allereie i dag vore på ei synfaring saman med kommunen, seier ho.

Etter synfaringa opplyser kommunen at Lyse skal supplera treet ved kyrkja med fem ekstra lenker, sidan fleire av lenkene som hang i treet var defekte, og svarte.

På måndag skal julepynten vera på stell i Ålgård.