Hopp til innhold

Dette kan vera farleg for torskebestanden

Etter eit år med kartlegging av havbotn, har forskarane latt seg overraska over dårlege tilhøve. – Det kan få konsekvensar for torskebestanden, seier Fridtjof Moi frå Havforskingsinstituttet.

Etter eit år med kartlegging av havbotn, har forskarane latt seg overraska over dårlege tilhøve for visse taretypar. – Det kan få konsekvensar for torskebestanden, seier Fridtjof Moi frå Havforskingsinstituttet.

►SJÅ VIDEO: Til venstre (og først i videoen) er eit døme på ei ålegraseng utan trådforma algar. Til høgre er ålegraset overgrodd med algar.

– I heile Sør-Norge ser det ut som om det er problem med overgroing av trådforma algar. Dette ser ein også på vestkysten av Sverige, og her tenker ein at det er overgjødsling og overfiske som har ført til problema på havbotnen, seier Eli Rinde frå Norsk institutt for vannforsking (NIVA).

Ho har det siste året, saman med andre forskarar, kartlagt havbotn i Rogaland. Eit prosjekt dei skal halda fram med i minst to år til, og som kan sei noko om kystforholda i heile Sør-Norge.

Allereie nå har dei funne negative trekk med tilhøva på havbotnen i indre kystområde.

Viktig vegetasjon for torsken

torsk

Ålegras er viktig for torsken før den veks seg stor.

Foto: Joachim S. Müller / Flickr.com

– Det mest overraskande er overgroing av trådforma algar, i tillegg til bløming av introduserte og uønska arter, seier Rinde.

Problemet med den trådforma algen ho snakkar om er at den gjer vekstforholda dårleg for sukkertare og ålegras. Algen veks på taren, og skaper dermed problem for fotosyntesen.

Dette er ein type vegetasjon, som er viktig for torsken.

– Når torskelarvane skal botnslå seg, må dei ha ein vegetasjon dei kan leva i til dei blir stor fisk. Ålegrasenger og tareskog er dei viktigaste oppvekstområda for yngel av torsk, seier Fridtjof Moi frå Havforskingsinstituttet.

Dersom desse områda blir dårlegare eller forsvinn kan det derfor vera kritisk for torsken.

– Dersom det skjer vil torskebestanden gå tilbake. Når me både kartlegg gyteområda og vegetasjonen på botn vil me nå kunne laga kart som syner overlappande naturverdiar. Noko som vil bli eit viktig reiskap for styresmaktene når havområde skal forvaltast.

I ytre kystområde indikerer likevel funna dei har gjort på at ålegrasengene er friske.

Veit framleis lite

Eli Rinde seier at det menneske kan gjera for å redusera problemet er å avgrensa fiske og sleppa ut mindre gjødsel.

– Likevel kjenner me ikkje den direkte årsaka til dette, det er noko me må jobba vidare med nå, seier ho.

Ho understrekar også at det framleis er mykje dei ikkje veit om den trådforma algen, som til dømes kor sesongvariasjonar på algane.

Det andre forskarane har funne er at den introduserte framande arten pollpryd er meir utbreidd enn venta. Denne kan utkonkurrera den eksisterande vegetasjonen på havbotn, og er eit anna problem forskarane jobbar vidare med i det marinbiologiske prosjektet.