Hopp til innhold

Lovar pisk og gulrot for bilistar

Rogaland kan venta seg mykje meir pengar til kollektivtrafikk i statsbudsjettet. Men bilen får tøffare avgifter.

Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell vil bruke både gulrot og pisk for å løysa opp bilkøane rundt dei store byane. I statsbudsjettet, som blir lagt fram på mandag, lovar miljøvernministeren meir pengar til kollektive løysningar. Men berre viss bilbruken blir avgrensa.

VIDEO: Bomstasjonane på Nord-Jæren skulle redusera biltrafikken, men det motsette har skjedd. Nå varslar miljøvernministeren rushtidsavgift, datokøyring og forbod mot gratis parkering. Foto: Kaj Hjertenes

Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell vil nytte både gulrot og pisk for å løysa bilkøane inn til dei store byane.

Bård Vegar Solhjell

Bård Vegar Solhjell.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK
Stanley Wirak

Stanley Wirak.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Vegnettet heng etter trafikkveksten. Bomstasjonane på Nord-Jæren skulle redusera biltrafikken, men det motsette har skjedd. Bilkøane aukar stadig. Nå varslar miljøvernministeren ei tøffare linje i årets statsbudsjett.

I statsbudsjettet, som vert lagt fram måndag, lovar miljøvernministeren mykje meir pengar til kollektive løysingar, men berre viss folk må betala meir for å nytta bilen til arbeid.

Forbod mot gratisparkering

– Eg vil gjera det enda betre for oss menneske, og for miljøet i byane. Me kan ikkje sleppe ut like mykje klimagass som me gjer no, men me kan heller ikkje stå enda meir i kø. Både for effektiv transport for menneske og næringsliv er det nødvendig med betre kollektivtrafikk, og dermed mindre bilkøyring, seier han.

I ti år har bilistar på Nord-Jæren sjølv betalt for betre vegar. No kan dei venta seg fleire avgifter for å få bilbruken ned.

Rushtidsavgift, datokøyring og forbod mot gratis parkering kan bli prisen for å utløysa store pengar frå staten til kollektive løysingar.

– Bil må erstattast med buss

– Det kjem pengar til belønningsordningar som ei støtte til lokal kollektivtrafikk, men i framtida må me gjera enda meir. Både staten og kommunane må bruke meir pengar på løysingar der me erstattar bilbruk med kollektivtrafikk, og stiller krav om det for å få pengar. Det vil vera ein god framtidsretta bypolitikk, seier Solhjell.

Dersom politikarane på Nord-Jæren går for ei bybaneløysing, trengst det mykje pengar frå staten. De vil bare kome viss kommunane torer å ta upopulære avgjersler for bruk av bil.

Sandnes-ordførar: – Me må gjera vårt

– Me må gjera vårt lokalt når staten og sentrale myndigheiter lovar å gjera sitt. Då vert det er god løysing. Dersom me skal få til «framtidas byar»-prosjektet, godt klima og miljø i byane våre, må me ha gode kollektivløysingar på plass. Me har jernbane her, og får vonleg bybane på plass snart, seier ordførar i Sandnes, Stanley Wirak.

– Då vert Stavanger og Sandnes tvillingbyar. Me er godt fornøgde med utviklinga og det gode samarbeidet vi har med Stavanger og dei andre kommunane på Nord-Jæren, legg han til.