Hopp til innhold

– Brestepunktet er snart nådd

På denne vegen har den daglege trafikken har auka med meir enn 1000 bilar kvart år dei siste åra. – Kapasiteten er snart sprengt, seier Ingve Undheim frå Statens vegvesen.

Antallet biler på motorveien øker - og køene blir lengre, ifølge Statens vegvesen. Tellepunkter viser at trafikken har økt med mer enn 2000 biler daglig siden august i fjor.

Vegvesenet si trafikkteljing ved på E39 ved Auglendstunnelen i Stavanger syner ei kraftig vekst i bilar som passerer.

Ingve Undheim

Ingve Undheim frå Statens vegvesen likar ikkje utviklinga på motorvegen.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Motorvegen som både førar til og frå oljehovudstaden blir nytta av fleire og fleire bilar.

I august var det daglege snittet på 65.130 bilar, som køyrde gjennom Auglendstunnelen på vegen. Ein auke på meir enn 2000 i forhold til i fjor.

Brestepunktet er snart nådd ifølgje Statens vegvesen.

– Me nærmar oss kapasitetsgrensa, og då bryt det saman. Det skal lita vekst til nå før køane veks seg lengre og lengre. Ein vekst på nokre få prosent vil få dette til å akselerera, seier Ingve Undheim, frå Statens vegvesen.

Sjå utviklinga i tal

Passeringar på E39 ved Stavanger

Passeringar på E39 ved Stavanger

 

Daglege passeringar Auglend

Daglege passeringar Forus

08.2009

59.070

47.440

08.2010

61.635

49.411

08.2011

62.908

52.358

08.2012

65.130

54.296

Ikkje-proporsjonal utvikling

Når smertepunktet blir nådd vil ikkje prosentveksten i bilar vera proporsjonal med kø- og rushtidsveksten.

– Ein auke på tre prosent bilar, vil til dømes resultera i meir enn tre prosent auke i køtid, seier Undheim om utviklinga i Stavanger-trafikken.

Ei som har merka utviklinga i trafikken på E39 er Ellen Kvinsland. Kvar dag reiser ho mellom Ganddal og Forus.

Dette inneber ein god del tid for seg sjølv i bilen.

– Det tar si tid. Om eg køyrer frå Ganddal klokka 07.55 så er eg ikkje på Forus før 08.40 eller 08.45, seier ho.

– Korleis har du opplevd utviklinga?

– Det blir berre verre og verre. Før brukte eg 20 minutter, no brukar eg førti. Noko må bli gjort etter kvart, for nå står me berre og stampar.

Kø på motorveien

Fleire og fleire bilar kjører på motorvegen kvart år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Klarer ikkje byggja oss ut av problemet

For å løysa trafikkproblemet har ikkje Undheim ei betre løysing enn at færre må køyra.

– Me klarer ikkje byggja oss ut av trafikkproblema i dei norske byane i dag, slår han fast.

Dermed må fleire nytta seg av kollektivtrafikk, bruka sykkel eller føtene for å få ned køen på motorvegen.

– Planane er å få overført trafikken til meir miljøvenlege alternativ, det er det som er planen i byane.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.