Etter Folkehelseinstituttet i fjor sommar gjekk ut og bad om hjelp til å kartleggja parasittar som gjer kløe etter bading, har det kome fleire nye badevatn på lista.
- Les òg:
116 badevatn har parasitten
Totalt er det nå rapportert om symjekløe i 116 badevatn frå sør og heilt nord til Finnfjordvatnet i Troms. (Sjå liste heilt nede i artikkelen)
Folkehelseinstituttet jobbar stadig med kartlegginga, og ønskjer kontakt med alle som opplever kløande utslett etter bading i ferskvatn.
– Det er snakk om myggstikkliknande utslett. Desse kjem frå ein parasitt som treng inn i huda, medan ein badar. Symjekløe er ikkje farleg, men kan vera ubehageleg, skriv Folkehelsinstituttet på nettsidene sine.
I nokre tilfelle kan ein også få hevingar i bein og armar, forstørra lymfeknutar, feber, kvalme og diaré.
– Kan bada
Forskar ved Folkehelseinstituttet, Bjørn Arne Rukke, seier at dei ikkje fråråder bading i vatn med parasitten.
– Det er likevel greitt å ha ei kartlegging, for mange kan jo oppleva dette som plagsamt. Og dersom dei har erfaring med symjekløe, og veit at dei reagerer, kan dei jo vera litt forsiktige, seier Rukke.
Han veit ikkje kor mange som årleg får symjekløe, men seier det er ganske vanleg.
Tips
Det er i godvêrsperiodar mellom juni og august det er vanlegast å bli utsett for symjekløe.
Folkehelseinstituttet har kome med ein del tips til korleis ein kan unngå parasitten:
- Bad i område av vatnet som ikkje inneheld mykje sniglar. Altså, unngå område med mykje vegetasjon i vatnet.
- Unngå strender som er påverka av pålandsvind fordi cercariene kan bli konsentrerte i slike område.
- Unngå grunne område der cercariene kan samlast, og bad heller frå flytebrygger.
- Tørk huda med eit handklede med ein gong du kjem opp av vatnet.
- Ta ein dusj med ein gong du kjem opp av vatnet.
- Ein vitskapleg studie har vist at vassfast solkrem med brennmanetbeskytting kan beskytta mot parasittane som gjer symjekløe.
- Er ein sterkt plaga av utsletta er det fråråda å bada i område med mykje symjekløe.
I desse badevatna har det kome inn rapport om symjekløe:
(Årstal for første gong det blei rapportert om symjekløe i vatnet.)