Hopp til innhold

Ulovleg i går – lovleg i dag

Nå får Ingebjørg Versland Dahle, saman med fleire andre, lov å leiga ut leilegheitene sine likevel. Kommunen gjer nemleg etter for press frå studentar og politikarar, og innrømmer at dei har stilt for strenge krav.

Strengere kontroll av utleieboliger

Denne leilegheita i Stavanger blei ulovleg for utleige på grunn av dårleg utsikt. Nå har kommunen gjort heilomvending.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Ingebjørg Versland Dahle

Ingebjørg Versland Dahle er svært glad for at kommunen har snudd i saka.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Me tar nå det drastiske steget, og ber folk som har fått avslag om å søkja på ny, dersom avslaget ikkje gjeld stenging av brann og rømmingsvegar, seier Kristen Høyer Mathisen i Stavanger kommunen.

Kommunen har tolka regelverket for utleigeleilegheiter svært strengt.

Dette har gjort at 135 huseigarar i Stavanger den siste tida ikkje har fått godkjent leilegheitene sine til utleige, fordi det har vore manglar som sportsbod, parkeringsplass og utsikt.

– Bra at dei har mot til å snu

Ingebjørg Versland Dahle har leidd ut kjellarleilegheita sin til studentar i fleire år, men i vår blei det stopp. Årsaka var at utsikta ikkje var god nok.

– Det er veldig rart sidan studentane som har leidd her stort sett har gardinene att. Dette har dei for å unngå solskin i PC-skjermane, seier Versland Dahle.

Ho blir svært glad når ho får meldinga om at leilegheita hennar vil bli lovleg til nye studentar neste haust.

– Det er bra at kommunen har mot til å snu. Det er nok mange utleigarar som blir glade for dette, men best er det sjølvsagt for studentar som treng billige leilegheiter, seier ho.

Video:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Her står politikarane i Stavanger skulerett og beklagar regelrytteriet. (Foto: Kristoffer Møllevik)

Press frå studentar

Det var i ein pressekonferanse klokka 16.30 i dag Kommunalstyret for byutvikling i Stavanger fortalte at dei lettar på krava.

– Etter me nå har hatt prosjektet på ulovlege leilegheiter her i byen gåande ei stund har me funne ut at me mister mange bustader som det fint går an å bu i. Mange har bedd oss om å sjå på dette, og derfor legg me nå prosjektet i ro, seier Høyer Mathisen.

Studentar er nokon av dei som har lagt press på kommunen, sidan det allereie finst så få utleigeleilegheiter i oljebyen.

Ein av desse er leiar i studentorganisasjonen Stor, Eirik Faret Sakariassen.

–Dette er veldig lovande. Det er nett dette me har bedd om, at leilegheiter får dispensasjon på alt som ikkje gjeld branntryggleik og inneklima, seier Sakariassen.

– Dette kunne ført til ein svært stor nedgang i utleigemarknaden, på ein allereie pressa marknad.

ARKIV: Sjå TV-innslaget om Ingebjørg Versland Dahle, som ikkje fekk leiga ut denne leilegheita

Video Strenge regler for utleieboliger

Denne leilegheita har ikkje vore godkjent for utleige av Stavanger kommune. Årsaka er ikkje lett å få auge på.