Hopp til innhold

Prøvde å koma seg inn på Annan-konferanse

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Like før Kofi Annan kjem til den internasjonale konferansen for havnæringa, AquaVision i Stavanger, har Kurt Oddekalv plassert seg utanfor klar for demonstrasjon.

Kurt Oddekalv prøvde i dag å koma seg inn på konferansen AquaVision i Stavanger, der Kofi Annan skal snakka om korleis havbruk kan vera med på å brødfø store delar av folkemassen i framtida.

Motstandaren av fiskeoppdrett, Kurt Oddekalv og Miljøvernforbundet, blei stoppa i døra, så nå har dei stilt seg opp utanfor den eine inngangsdøra med banner.

– Tryggingsvakter sprang ut då dei såg meg, dei bryska seg og synte musklar. Eg er vand med å bli nekta tilgjenge på konferansar. Men å bli nekta inngang til bygget Stavanger Forum, vil eg sei er demokratisk tvilsamt, seier Oddekalv.

Rettar seg til Kofi Annan

På bannera er Kofi Annan er avbilda med ei påteikna snakkeboble der det står «Aquaculture will feed the world ...». I bakgrunnen ser ein norsk fjord der nokon ropar «Noooooo ...».

Tidlegare i dag hevda Oddekalv ovanfor NRK.no at han ville koma seg inn på konferansen anten han var ønska eller ikkje. Men førebels ser det ut til å gå roleg for seg utanfor Stavanger Forum.

Demonstrantane delar ut ein rapport på engelsk om oppdrettsnæringa som Miljøvernforbundet har laga. Rapporten er på over 50 sider og gjer eit negativt inntrykk av næringa.

På konferansen deltek om lag 430 personar i havnæringa frå 33 ulike land. Tidlegare generalsekretær i FN, Kofi Annan, er invitert saman med FN sin matorganisasjon for å koma med forslag til korleis næringa kan møta folkeveksten på ein berekraftig måte.

Oddekalv utanfor Stavanger Forum

Her delar Oddekalv ut rapportar.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK