Hopp til innhold

Oddekalv varslar demonstrasjon mot Annan sitt Stavanger-besøk

Kurt Oddekalv er ikkje påmeld til konferansen og slepp derfor ikkje inn i salen opplyser AquaVision. – Me får nå sjå på det, me har andre måtar å koma oss inn i salen på, er svaret Oddekalv gjer til NRK.no.

Kofi Annan og Kurt Oddekalv

Klokka 11.00 i dag har Kurt Oddekalv og Norges Miljøvernforbund varsla ein demonstrasjon mot tidlegare generalsekretær i FN, Kofi Annan, si deltaking på ein konferanse i Stavanger om havbruk.

Foto: Seth Wenig / Håkon Mosvold Larsen / AP / SCANPIX

I dag deltek tidlegare generalsekretær i FN, Kofi Annan, på konferansen AquaVision i Stavanger. Konferansen er for havnæringa, og Annan er invitert til å snakka om korleis havet kan løysa framtidas utfordringar med å brødfø verdas veksande befolkning.

Men ikkje alle er like glade for det fine besøket under ei fane med edle motiv, og Kurt Oddekalv i Norges Miljøvernforbund varslar aksjon.

– Kjem inn på andre måtar

– Me er her for å demonstrera at dette berre er tull og ein bløff frå næringa. Dei vil brødfø verda ved å rana verdas fiskeressursar. Det er å gå baklengs inn i framtida, seier Oddekalv.

– Men du har ikkje meldt deg på konferansen, så du får ikkje tilgjenge til salen.

– Me får sjå kven som får vera i salen og ikkje. Me reknar me at me får vera i salen, for me har andre måtar å koma oss inn der på.

Oddekalv er kjent for sine mange demonstrasjonar og aksjonar. I fjor blei han mellom anna arrestert etter å ha «stinka ut» ei fiskemesse i Trondheim.

– Vil du bryta norsk lov?

– Eg har alltid følgt norsk lov, og skal også gjera det i dag. Me er berre opptekne av å få seia meininga vår.

– Ønskjer berekraft

Mari Espedal er kommunikasjonssjef i fiskefôrprodusenten Skretting. Ho ser ingen problem med at Oddekalv kjem til Stavanger. Men seier at han ikkje kan få tilgjenge sidan han ikkje er påmeld.

Det var Espedal som henta Kofi Annan på flyplassen i går.

– Han var svært blid og snakkesalig, og i dag skal han snakka om korleis akvakultur kan bidra til å brødfø verda på ein berekraftig måte i 2050, seier Espedal.

Ho seier at det er dette som er hovudfokuset under konferansen der dei største aktørane frå heile verda deltek.

– Me er 430 deltakarar frå 33 land og me vil finna ut korleis me saman kan få til ei berekraftig vekst i næringa. Me håper på gode innspel både frå Annan og FN sin matorganisasjon, seier Espeland.

– Annan blir lurt

Men dette kjøper ikkje Oddekalv.

– Oppdrettsnæringa har ingen edle mål, det einaste målet deira er å fylla lommeboka. Dette gjer dei samstundes med at dei skit ned heile norskekysten.

Han meiner også at Annan blir brukt som alibi for næringa, og at han er i ferd med å innsjå det sjølv.

– Han vil jo ikkje snakka med folk, og han vil ikkje la seg fotografera, så me føler han har forstått dette. Me har også bedd om eit møte med han og fått svar. Svaret me fekk var at me kanskje får møta han seinare, men ikkje nå.

Espedal avviser dette på det sterkaste.

– Men er det pengar eller berekraft som er viktigast for dykk?

Det er sjølvsagt ein kombinasjon. Me er nøydde til å driva berekraftig på alle måtar. Også økonomisk, seier ho.