Hopp til innhold

Dette er Tine si største enkelt- investering nokon sinne

I dag opna landbruks- og matminister, Lars Peder Brekk, eit av Europas mest moderne, og Norges desidert største meieri. – Dette er svært viktig for ein framtidsretta norsk matproduksjon, sa Brekk om gigantmeieriet.

Tine Meieriet Jæren

NORGES STØRSTE MEIERI: Det nye meieriet på Jæren har kosta 1,6 milliardar kroner, og erstattar fire gamle meieri. Dermed er det den største enkeltinvesteringa til Tine nokon sinne.

Foto: TINE Meieriet Jæren

Torbjørn Gjerde

Meierisjef på det nye gigantmeieriet, Torbjørn Gjerde, seier at det stordrift er eit pluss for energi, økonomi og miljø.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det gigantiske meieriet, som nå er offisielt opna på Jæren, kan ta i mot heile 200 millionar mjølk i året.

Av denne mjølka skal det bli laga fire ulike ostetypar, smør, margarin, prim og biprodukt frå osteproduksjonen.

Største enkeltinvestering

– Me har framleis mange utfordringar med å køyra i gang og få ting til å fungera saman, men det ser veldig lovande ut, seier meierisjef på Tine Meieriet Jæren, Torbjørn Gjerde.

Byggearbeidet starta i 2009 og prislappen er på 1,6 milliardar, noko som gjer det til Tine si største enkeltinvestering nokon sinne.

Meieriet er også det største i landet, og heile fire eldre meieri i området blir lagde ned. Desse er på Kleppe, Voll, Vikeså og Nærbø.

Tine sparar om lag 30 millionar kroner på denne stordrifta. I tillegg produserer meieriet nok spillvarme til å livsnæra 35 millionar tomatar og fem millionar paprika i året. Spillvarmen går nemleg inn i Miljøgartneriet som ligg like ved.

– Dette er eit pluss i forhold til energi, økonomi og miljø. Avtalen med miljøgartneriet er gunstig for oss og gunstig for dei, seier meierisjefen.

Denne miljøvenlege teknologien er også spesiell i europeisk samanheng.

VIDEO: Her blir det nye meieriet opna

Lars Peder Brekk åpner nytt gigantmeieri på Jæren

Her opnar landbruksminister Lars Peder Brekk det nye gigantmeieriet på Jæren.

– Viktig for norsk matproduksjon

Det var ein begeistra landbruks- og matminister, Lars Peder Brekk, som stod for opninga av gigantmeieriet i dag.

– Dette er svært viktig for ein framtidsretta norsk matproduksjon, sa Brekk om gigantmeieriet.

Han meiner at ei så stor investering frå Tine si side er heilt nødvendig.

– Her går Tine heilt nye vegar. Dette er eit fantastisk anlegg for Tine, for mjølkeprodusentar, men ikkje minst for norsk matindustri, seier han.

Det nye anlegget på Jæren er nesten dobbelt så stort som Byrkjelo, det nest største meieriet. Når Oslo meieriet til Tine er bygd ut, vil dette bli det nest største.